Eventyr kjem i mange formar - på fjelltur i lag med Gjendeguiden ventar

opplevingar frå aller øvste hylle.

Når gjestar spør kva dei kan nytte ein
ekstra dag i Jotunheimen til, gir svaret seg sjølv: Oppdagingsferd med Gjendeguiden - til fots, på sykkel eller toppturski.
— Marius Haugaløkken, hyttevert på Gjendesheim

Med storslåtte Gjende og Jotunheimen som tumleplass og masse lommekjent kompetanse i sekken, byr vi gjendeguidar på fjelleventyret og oss sjølve. Slik at du får turopplevingar å leve lenge på.

Gjendeguiden er stifta av friluftsinteresserte og lommekjente fjellfolk busett i fjellbygda Vågå i Jotunheimen. Vi byr deg på oppturar til fots, på stisykkel, ved bålet, med fiskestanga, på toppturski - og på yogamatta. 

Gler oss til å vise deg det beste av Jotunheimen!

Helsing Ørjan, Knut-Erik, Marius og Harald

Svartkanne_original-speilvendtxtralitenfil_Gjendeguiden.png
 
 

La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet. 

KURS

Stiller du med eventyrlyst og lærevilje, så bidreg Gjendeguiden med oppdatert kompetanse og erfaring frå eit langt friluftsliv i høgfjellet. Med Jotunheimen som framifrå og inspirerande klasserom gir Gjendeguiden kurs i bruk av GPS, kart og kompass, turplanlegging, stisykling, toppturar med randonnéeutstyr og anna kunnskap som gjer turen din over tregrensa trygg og nedturen ekstra artig. 

GUIDA TURAR

Gjendeguiden skreddersyr turar til fots, på sykkelsetet og toppturski etter ditt ynskje. I tillegg arrangerer vi gruppeturar du kan melde deg på: Kvar måndag og tysdag til langt ut på hausten inviterar Gjendeguiden til stisykkelturar i samarbeid med Gjendesheim turisthytte. På vinterstid spenner vi på oss skia kvar helg for å ta deg med på toppturar og kurs i Jotunheimen. Som det heiter i fjelleventyret: Vil du vere med så heng på!