P7310841.JPG

Besseggenpatrulja

55.000 fjellturistar går kvar sommar og haust den tidvis krevjande turen over Besseggen.

Slik blir det slitasje, søppel og leiteaksjonar av, og reiselivet fann då ut at her må vi ta ansvar.  20 reiselivsverksemder og 2 kommunar gjekk ilag og finansiera Besseggenpatrulja, der Gjendeguiden vart hyra inn til å gjera jobben. Vi gjekk Besseggenpatrulja ein gang i veka i lågsesongen, og to ganger i høgsesongen.

Totalt 25 stk patruljer sommaren 2017. 

Status etter sesongen 2017 er følgjande:

Politiet hadde 8 redningsaksjonar i 2017, mot 14 i 2016

AMK hadde 21 aksjonar i 2017, mot 22 i 2016

Basert på tilbakemeldingar vi fekk frå turistar vi hjalp opp Besseggen, så veit vi at vi har hindra 7-8 redningsaksjonar.

Besseggenpatrulja hjalp folk på så og seie kvar tur.

Vi plukka i gjennomsnitt med oss ein 1/4 bærepose med søppel på kvar tur.

Samfunnsøkonomisk så er det ingen tvil om at Besseggenpatrulja er lønnsom, og vi håpar det blir eit tiltak som kan fortsette i framtida.

 

Støttespelerane for sommarsesongen 2017 var:

Gjendebu

Gjendebåten

Gjendesheim

Gjendeguiden

Gjendeosen

Besseggen Fjellpark Maurvangen

Bessheim Fjellstue

Sjodalen Hyttetun

Hindsæter

Sporten Beitostølen

Intersport Beitostølen

Sport 1 Beito

Beito Aktiv

Beitostølen Camping

Knuts Hyttegrend

Grønolen Fjellgard

JVB

Spar Beitostølen

Jotunstogo

DNT Oslo og omegn

Vågå Kommune

Øystre Slidre kommune

TUSEN HJARTELEG TAKK FOR DEN ØKONOMISKE STØTTA!

 

Ynskjer du å støtte oss? Vi har VIPPS: 1100385