Fjell_original-litenfil-hel_Gjendeguiden.png

Til vanns og til lands og i lufta med! Opplev eventyrlege Jotunheimen på nytt og spanande vis i lag med Gjendeguiden.

Storslåtte Gjende og Sjodalen i Jotunheimen er Gjendeguiden sitt leikeland og klasserom. Her tek vi deg med på tur omgitt av høgfjell i Norgestoppen, seterdalar fylt med levande tradisjonar og ureist lokalmat, knuskturre stiar og brusande fjellbekkar. Anten framkomstmiddelet er stisykkel, fjellstøvlar eller ski byr dette på området på eventyrlege aktivitetar for alle ambisjonsnivå - og med Gjendeguiden i turfølget kjem du garantert like heil heimatt med minnebrikka full.  

Velkomen til Gjende og Jotunheimen!

 
tynn Stjernelinje_Gjendeguiden.png

Fire fantastiske årstider

Sjodalen og Gjende er ein fest for både kropp og sjel                                   heile året rundt.Kva årstid vel du?

Vandring merke -Lys -  Nøytral-uten bakgr-01.png
Skjermbilde.JPG
 

SOMMAR

Høgsesongen framfor nokon, med folk og fe på dei mange aktive setrene, i skogen og høgt til fjells. Gjendeguiden tek deg med til dei gøymde perlene, det spanande terrenget og gjennom det levande kulturlandskapet til fots og på stisykkel. Nasjonalromantikk til å bli berusa av!

HAUST

Fargefest! Kalde netter og klåre dagar tenner fyrverkeriet i Jotunheimen - og Gjendeguiden tek deg med på festen. Legg du turen til fjells på vekedagane får du til alt overmål heile heilagdomen nesten for deg sjølv. Snakk om opptur!  

Jotunheimen_DNT ung Oslo_foto Sindre Thoresen Lønnes DNT_3_8.jpg
 

VINTER

Gjendeguiden sin personlege favoritt og besteven. Anten du foretrekk ski, trugar eller fatbike byr terrenget kring Gjende på mykje moro - og enno meir læring om Gjendeguiden er med i turfølget. Unn deg ei helg på vinterkurs - så er du trygg på å gjere rette val i vinterfjellet. 

VÅR

Eitt ord: Gjendealpane. Tinderekka inn frå Valdresflya er lett tilgjengeleg, snøsikker og storslagen. Kort sagt eit funn for toppturentusiastar på jakt etter kvitevarer, brunfarge og mjølkesyre. Gjendeguiden viser deg høgdepunkt og nedturar som vil sitte lenge i minnet - og låra.