Svartkanne_original-xtralitenfil_Gjendeguiden.png
 

HELS PÅ GjendeguideN

 

Bak Gjendeguiden står ein friluftsinteressert og triveleg gjeng som har lyst til å vise deg godbitane i Jotunheimen med låge skuldre. Vi har alle brei og lang erfaring innan ulike formar for friluftsliv - og kjenner mange av fjella kring Gjende like godt som vår eiga lomme. 

Stopp klokka - start eventyret! 

På tur med  Gjendeguiden går vi ikkje etter klokka - men etter sola og været. Vi putter sjokolada, termosen og sikkerhetsutstyret i sekken - og rusler avgårde medan praten går. 

 
 
Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-203.jpg

ØRJAN VENÅS

Småbrukar og yrkesmilitær, og særs aktiv dagleg leiar i Gjendeguiden.

Oppvaksen i høgfjellsnære Seljord er telemarkingen Ørjan langt over middels interessert i alt som er kvitt og kaldt. Ørjan er frelst fjellfant som har kjørt på telemark siden han kun var en stubbe stor og nyttar naturen døgnet rundt i jobb og fritid - sommar som vinter.  Ørjan har slått seg ned i Vågå med samboer og to barn, og for tida leiar han Skredgruppa Innlandet i Røde Kors.

Ørjan har brei erfaring frå vinterfriluftsliv og snøskred gjennom jobben i Forsvaret, som instruktør på skredkursa til Forsvarets Vinterskole. I tillegg har han skredobservatørkurs i regi av NVE, lang erfaring med skredkurs og foredrag, og har vore høgt og lågt i Røde Kors gjennom eit par tiår.

I sykkelmekkaet Vågå har Ørjan fått ein ny lidenskap: Stisykling. Knusktørre stiar, levande kulturlandskap, spektakulært høgfjell og terreng for eit kvar nivå byr i sum på unike opplevingar som Ørjan veldig gjerne vil ta deg med på.   

Me røast!

 

KNUT-ERIK TESSNES

leirskulelærar, butikkeigar og Gjendeguide.

I sentrum av fjellbygda Vågå driv Knut-Erik spesialbutikken Besseggen Fjellsport - når han har tid. Knut-Erik er leirskolelærar på Jotunfjell leirskole oppunder Galdhøpiggen, og aktiv medeigar i Gjendeguiden.

Som leirskolelærer og vegleiar i friluftsliv i over 25 år har Knut-Erik lang erfaring med føring og kurs av grupper i høgfjellet, både i Jotunheimen og andre fjellområder. Han er ein ski- og fjellentusiast som trivst aller best når han får vise andre kva gledar og kvaliteter Jotunheimen har å by på.

Spesialbutikken Besseggen Fjellsport midt i Vågåmo sentrum er eit samlingspunkt for friluftsinteresserte på jakt etter fjellutstyr av topp kvalitet, turtips eller reparasjon eller tilpassing av utstyret. Blir du med Gjendeguiden på tur og ønskjer å leige deg stisykkel, havkajakk eller randonnéeutstyr, så er utstyret håndplukka av Knut-Erik.

Oss pratast!

 
4B2A0106.jpg
 

HARALD RUNE ØVSTEDAL

Skippar på Gjende, snikkar i bygda og fjellfrelst grunnlegger av Gjendeguiden. 

Harald er født og oppvaksen på Gjende i Jotunheimen. Her driv han Gjendebåten som kvart år fraktar 60.000 fotturistar inn i hjartet av Jotunheimen med båt.

Harald vart biten av toppturbasilla i vaksen alder, men har alltid vore interessert i fisking og anna friluftsliv i fjellet. Kring fjellvatnet Gjende er han lommekjent, og han har vore til topps på alle fjell du kan sjå når du tek båten innover det irrgrønne fjellvatnet.

I Vågå Røde Kors har Harald vore aktiv i ei årrekke. Han har god kompetanse på fyrstehjelp og har vore med på mange redningsaksjonar i fjellheimen. Blir du med Gjendeguiden tek du ingen slik risiko.

Oss tållåst!

 

MARIUS HAUGALØKKEN

Hyttevert, stisyklist, jeger og stisykkelfrelst grunnlegger av Gjendeguiden.

Trebarnsfar med tusen jern i ilden og brennande entusiasme for å få gjestar på Gjendesheim ut og opp i Jotunheimen. Som vert på DNT si største hytte med 20.000 gjestar i året guidar ikkje Marius turar sjølv - men tek du ein prat med han på Gjendesheim så sitt turtips laust. Vi mistenker faktisk at Marius aller helst ville brukt sommaren på eit stisykkelsete i eventyrlege Sjodalen - trakkande frå seter til seter gjennom lys levande kulturlandskap. Bli med Gjendeguiden på stisykkeltur - så får du gleda av å sjå Marius med lengsel i blikket etterpå. 

Vi snakkes!