GUIDA TURAR MED LÅGE SKULDRE

På tur i lag med Gjendeguiden set vi stoppeklokka på pause, let praten gå, og legg opp dagen etter sola og været.

Vi putter sjokoladen, termosen og sikkerhetsutstyret i sekken - og rusler av garde medan praten går. Her er nokre smakebitar av kva radarparet Jotunheimen og Gjendeguiden har å by på.

I Gjendeguiden set vi sikkerheit og kvalitet fyrst. Vi har difor aldri meir enn 6 deltakarar per førar med på tur.

Det er særs viktig for oss at du som deltakar etter endt tur i lag med oss føler deg ivaretatt, har fått påfyll av kunnskap, ei god oppleving - og dreg heim med eit minne for livet.

Vår kompetanse - din opptur!

Logo_original negativ_Gjendeguiden-04.png
 
14522933_1291931590840949_767473456697666655_n.jpg

Sommar

Kurs:

Gjendeguiden tilbyr kurs i stisykling og generelt friluftsliv.

Føring og guiding:

Vi tilbyr føring over Besseggen og tek elles føring og guiding på førespurnad.

Stisykling:

Vi tilbyr stisykling for både små og store: Adrenalin, rekreasjon eller oppdagingsferd - valet er ditt. Vi syklar til og med frå hytte til hytte ei lita veke i strekk. Sjumilsstøvlane kan du sette igjen heime!

Heidi på hodet.jpg

Vinter

Kurs:

Gjendeguiden held kurs i randonnèe, skred og generelt friluftsliv vinterstid.

Føring og guiding:

Vi tilbyr føring over Besseggen og tek elles føring og guiding på førespurnad.

Fatbike:

Med breie hjul og snøkrystallar som støtdemping syklar vi stiar og trakk på vinterstid.

 
tynn Stjernelinje_Gjendeguiden.png
 
 

Finn du ikkje nokon tur som passar dine ambisjonar og kalender? Ta kontakt så skreddersyr vi opptur etter ditt ynskje.

 
Terrengsykling merke - Lys -Nøytral-uten bakgr-01.png

Gjendeguiden sine personlege favorittar: 

OO.jpeg

Stisykling

O'hjul med din glede

Vi tilstår det gjerne: Gjendeguiden er nyfrelst. Heilfrelst. Hodestups forelska. I turopplevingane som openbarar seg med heildempa stisykkel som framkomstmiddel og turfølge. To dagar i veka i heile sommar og haust inviterer Gjendeguiden på stisykkelturar ut frå Gjendesheim turisthytte. Hytte-til-hyttetur på stisykkel har vi og planar om - sjekk ut turkalenderen og trakk inn i det ukjente!

Hytte til hytte på stisykkel

Bli med oss på eit sykkeleventyr i Jotunheimen. I fire dagar syklar vi på gamle råk og stiar i eit fantastisk kulturlandskap i furuskogen og høgt til fjells. Båttur på Gjende, reinsdyrbesøk, fjellspa og seteridyll er noko av det vi opplever på turen. Prima føde basert på dei beste lokale råvarer. Du behøver ikkje erfaring frå stisykling - den får du undervegs! Klikk her for meir info.

Foto Øyvind Bragelien.jpg

Toppturar

50.000 fotturistar går kvar sommar over Besseggen. Dei etterlet seg eit utruleg toppturrike kring resten av fjellvatnet Gjende nesten blotta for folk. Gjendeguiden tek deg gjerne med på oppdagingsferd til nokre av høgdepunkta på Noregs tak - iført fjellstøvlar eller toppturski - berre peik ut kva topp du vil bestige så er vi snart på veg!

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-127.jpg

Fatbike

Du føler deg neppe grasiøs på ein fatbike - til det er hjula for breie og hakesleppet ditt for stort. Men synet bedreg: Dei overdimensjonerte ballongdekka og det låge tyngdepunktet gir ein herleg flytfølelse anten på både snø, myr og steinete høgfjellssti. Åtvaring: Sterkt vanedannande og vanskeleg å skjule for omgivnadane. 

 

 

Gler oss til å vise deg heimebana vår!

 
Tre_original-litenfil_Gjendeguiden.png