gjendeguiden vise deg vintervegen

I Gjendeguiden er vi samde om ein ting: Vinteren i Jotuneheimen er heilt konge. Anten du vil toppe ut på Noregs tak, leike deg på ski ned att eller lære om skredtryggleik. Gjendeguiden har kurs for einkvar ambisjon. 

Skågåing merke -Lys - Nøytral-uten bakgr-01.png
 
På rett kurs

Gjendguiden har vore ute mange ein vinterdag før - og kome heim att med masse erfaring frå omgang med dypfryste kvitevarer oppunder Norges tak. Med base på ei av overnattingsbedriftene i Sjodalen byr vi ofte på kurs gjennom vinteren, med kompetente vegleiarar i Kong Vinter sitt eige klasserom. 

Introkurs skred og randonnée

Kursstad: Gjendesheim

Varigheit: Ei helg

Kurset er lagt opp med foredrag på Gjendesheim fredag kveld, der ein går gjennom: turplanlegging, skredtryggleik, ferdsel og litt om utstyr. 

Ein dag gjer vi om teorien frå fredagskvelden til praktiske øvingar og ferdsel ute i terrenget. Fokus på trygge vegvalg og kameratredning.

Ein dag går vi på randonnée tur i nærområdet, og vi slkjer alltid mot dei beste forholda i området. Fokuset denne dagen er læring og mestring på tur, gjennom enkle tips og triks som gjer turen enklare og artigare. 

På laurdag ettermiddag er du hjarteleg velkomen til afterski i vedfyrt badestamp under stjernane, før du inntek ein betre middag laga med lokale råvarer frå området.

Vi har alltid maks 6 deltakarar per vegeiar på våre kurs.

Vegleiarane vi nyttar er trivelige og omgjengelige, og dei har mykje erfaring og kunnskap som dei ynskjer å dele med dere. Fleire er medlem av Skredgruppa Innlandet og/eller Alpine Redningsgruppa i Nord Gudbrandsdalen, og dei har erfaring frå turar på snokledde fjell i inn og utland. 

Meir info - klikk her

Påmelding - klikk her

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-193.jpg

Skredkurs i Jotunheimen

Kursstad: Gjendesheim.

Varigheit: Ei helg

Kurset er lagt opp med foredrag på Gjendesheim fredag kveld, der ein går gjennom turplanlegging, skredtryggleik, ferdsel og litt om utstyr. 

Laurdag går vi ut og gjer om teorien frå fredagskvelden til praktiske øvingar og ferdsel ute i terrenget. Fokuset er trygge vegvalg og kameratredning.

På laurdag ettermiddag er du hjarteleg velkomen til afterski i vedfyrt badestamp under stjernane, før du inntek ein betre middag laga med lokale råvarer frå området.

Søndag går vi ut og ser på ulike testar som gjennomføres for å sjekke skredfare, fortsett med trygge vegvalg og har ei oppsummering av kurset tilslutt.