BESSEGGEN - EIN FJELLTUR I VERDENSKLASSE?  

"Vi går den gjerne saman med deg....."

Alle har høyrt om den, mange har gått den, og mange fleire drøymer om å gå den! Besseggen er fyrst og fremst ein fantastisk flott fjelltur, med utsikt til store delar av Jotunheimen og mange av Jotunheimen sine stortoppar på over 2000 moh. Besseggen er fjellryggen som ligg mellom fjellvatnet Gjende på 984 moh i sør, og Besshø (2258moh) og Bessvatnet på 1374 moh på nordsida. På «bandet», det smalaste partiet mellom vatna, er det berre nokre få meter som hindrar Bessvatnet i å renne over og stupe nesten 400 meter rett ned i Gjende!

GJENDEGUIDEN har mange forespørslar om guida turar over Besseggen. Ein del firma, grupper og enkeltpersonar synest det er greit å ha med kjentmann, og mange er etter turen enno meir glade dette for valget, når vi kanskje har gått i regn og dårleg sikt heile dagen, med kompasset flittig i bruk. For det er nå eingong slik at dei fleste fjellturar i Norge er greie å gjennomføre så lenge forholda er gode, medan mange turar kan vere utfordrande under dårelege ver-og føreforhold. 

Besseggen er kjent fra «Bukkerittet» i Henrik Ibsens sitt skuespill Peer Gynt. Her prøver mellom anna Peer å overbevise mor Åse, om at han har ridd over «Gjendineggen», altså Besseggen, på en reinsbukk. På eggen oppover frå «Bandet» er det bratt og luftig, men likevel god plass til både hender og føter i dei brattaste kneikane. På tur med GJENDEGUIDEN over Besseggen får du god hjelp både før og under turen, og vi deler gode historiar frå livet i fjellet med deg.

                           TUR OVER BESSEGGEN med førar frå GJENDEGUIDEN kan du bestille samtidig som du kjøper båtbilett HER

2017-07 Besseggenpatrulje (2).JPG

         Besseggen er nok Norges mest fotograferte fjellrygg!

Her kan du sjå fleire bilder ved å klikke på dei: