BESSEGGEN VINTERTUR


På turen opp sjølve Besseggen, så har ein skia festa på sekken. Husk derfor ein god sekk,med reimfester på sidene.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

Superduper guide med tålmodighet, kunnskap og humor! Vi følte oss trygge og godt ivaretatt. Rett og slett en fabelfantastisk tur som vi aldri glemmer!
— Tusen tusen takk, hilsen 3 glade trønderjenter : )

Informasjon om turen

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang - kledd i hvitt? 
Opplev klassikeren Besseggen vinterstid. 55 000 går turen om sommaren, men på vinteren er det ikkje mange som tek turen.
Førar frå Gjendeguiden tek deg trygt opp eggen, etter anmarsj på fjellski, randonee eller splitboard frå Bessheim via Bessvatnet.

Mrk at turen er KREVJANDE, men dei fleste i normal fysisk form klarer turen. Du må bare være førebudd på følgjande:

- Ein er ute på tur i 8-9 timar.

- Går i underkant av 20 km.

- Har du høgdeskrekk så skal du ta turen om sommaren, før du vurderar å melde deg på vinterturen.

- Været forandrar seg fort i høgfjellet og i fjor hadde vi alt frå t-skjorte temperatur og ned til -32.

For meir informasjon om når dei ulike turane våre går, sjekk ut aktivitetskalenderen.

Her kan du lese ein fin beskrivelse frå ein av kundane våre, som var med på tur i februar 2018. Trykk HER.

PAKKETILBOD OG BOOKING

Tur med førar samt kost og losji 1 døgn.
I prisen er treretters middag, niste, frokost, rom med felles bad inkluder.

Drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.
Pris for turane våren 2019: 2400,-

Booking og spørsmål om kost og losji per e-post til: gjendesheim@turistforeningen.no 
NB! oppgi dato i kommentarfeltet, og evt høgde, vekt og skostørrelse ved behov for utstyrsleige

DERSOM DU IKKJE HAR BEHOV FOR KOST OG LOSJI

Dersom du ynskjer å være med på turen, men fikse kost og losji sjølv så er prisen: 1750,-

Du bookar i såfall turen ved å sende ein mail til gjendeguiden@gmail.com

 Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din! 

Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din! 

 Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

utstyrsliste

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.

Som eit minimum skal følgjande være med på våre turar:

  • Sender/mottakar (kan leigast på Gjendesheim)
  • Spade (kan leigast på Gjendesheim)
  • Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)
  • Solbriller og solkrem (min. faktor 20)
  • Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.
  • Skihanskar/ekstra votter/lue/buff
  • Termos og drikkeflaske
  • Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)
  • Feller
  • Stavar, helst med lengdejustering.
  • Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

Dersom dykk har, ta også med:

  • Vindsekk eller jervenduk
  • Liggeunderlag
  • Sengesett/sovepose/lakenpose (kan leigast på Gjendesheim)
  • 1:50 000 kart over Gjendesheim + Bessheim. Kan skrive ut dette her: http://kartverket.no/Kart/Turkart/lag-turkart-for-utskrift/
  • Vi anbefalar hjelm, men vi har ikkje krav om dette!          (kan leigast på Gjendesheim)
  • Enkelt fyrstehjelpssett

 

TRANSPORT

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk oppmøte på turen. Vi ventar ikkje.....

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

http://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Jotunheimen/

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

 Besseggen i vinterdrakt er spektakulært!

Besseggen i vinterdrakt er spektakulært!

 Vi kan ikkje love like godt vær, men turen er ein opplevelse uansett. 

Vi kan ikkje love like godt vær, men turen er ein opplevelse uansett.