BESSEGGEN VINTERTUR 2019


På turen opp sjølve eggen, festar vi skia på sekken. Bruk sekk med skifester på sidene eller diagonalfeste.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

Superduper guide med tålmodighet, kunnskap og humor! Vi følte oss trygge og godt ivaretatt. Rett og slett en fabelfantastisk tur som vi aldri glemmer!
— Tusen tusen takk, hilsen 3 glade trønderjenter : )

Om turen

“Har du sett den Gjendin-eggen noen gang - kledd i hvitt?” 


Opplev klassikaren Besseggen vinterstid! Over 60 000 går turen om sommaren, men om vinteren er vi som regel einslege der. Med lokalkjent førar frå GJENDEGUIDEN tek vi turen oppover eggen, etter fin oppvarming på ski fra Bessheim via Bessvatnet. Vi kjører ned der skiføret er best!

Turen kan opplevast som krevande pga kulda tidleg på året, men alle med normal fysisk form greier turen fint.

Vær førebudd på følgjande:

- Vi er ute på tur i 8-9 timar.

- Heile turen er i underkant av 20 km.

- Har du høgdeskrekk så bør du ta turen om sommaren, før du vurderar å melde deg på vinterturen.

- Været forandrar seg fort i høgfjellet! I fjor hadde vi alt frå +5 grader til -32 grader

-Egne datoar for fjellski, splitboard  og randonee!

Her kan du lese ein fin beskrivelse frå ein av kundane våre, som var med på tur i februar 2018. Trykk HER.


PRIS UTAN KOST OG LOSJI

Ønskjer du å delta på turen, men uten kost og losji? Prisen: 1750,-

Du bookar i såfall turen her: https://www.gjendeguiden.no/booking/

PAKKETILBOD

Vi samarbeider med fleire overnattingsbedrifter, og desse har egne pakketilbod.

Sjekk heimesidene deires for egne tilbod, ved å følgje linkane under:

GJENDESHEIM

BESSHEIM

 Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din! 

Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din! 

 Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

utstyrsliste

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.

Som eit minimum skal følgjande være med på våre turar:

  • Sender/mottakar (kan leigast på Gjendesheim)
  • Spade (kan leigast på Gjendesheim)
  • Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)
  • Solbriller og solkrem (min. faktor 20)
  • Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.
  • Skihanskar/ekstra votter/lue/buff
  • Termos og drikkeflaske
  • Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)
  • Feller
  • Stavar, helst med lengdejustering.
  • Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

Dersom dykk har, ta også med:

  • Vindsekk eller jervenduk
  • Liggeunderlag
  • Sengesett/sovepose/lakenpose (kan leigast på Gjendesheim)
  • 1:50 000 kart over Gjendesheim + Bessheim. Kan skrive ut dette her: http://kartverket.no/Kart/Turkart/lag-turkart-for-utskrift/
  • Vi anbefalar hjelm, men vi har ikkje krav om dette!          (kan leigast på Gjendesheim)
  • Enkelt fyrstehjelpssett

 

TRANSPORT

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk oppmøte på turen. Vi ventar ikkje.....

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

http://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Jotunheimen/

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

 Besseggen i vinterdrakt er spektakulært!

Besseggen i vinterdrakt er spektakulært!

 Vi kan ikkje love like godt vær, men turen er ein opplevelse uansett. 

Vi kan ikkje love like godt vær, men turen er ein opplevelse uansett.