BESSEGGENPATRULJA - EIT LOKALT INITIATIV FOR Å TA VARE PÅ EIT NASJONALT IKON!

P7310841.JPG

Besseggenpatrulja

55.000 fjellturistar går kvar sommar og haust den tidvis krevjande turen over Besseggen.

Dei aukande besøkstala viste til noko meir til slitasje på sti, søppel langs ruta og ei gradvis auke av leiteaksjonar. I 2017 tok dei lokale reiselivsaktørane ansvar for framtida til Besseggen som reiselivsprodukt, og  20 reiselivsverksemder og 2  kommunar gjekk saman for å opprette Besseggenpatrulja.  GJENDEGUIDEN fekk ansvaret for å planlegge og gjennomføre denne patruljetenesta, og vi gjekk Besseggenpatrulje ein gang i veka i lågsesongen, og to ganger i høgsesongen frå juni til oktober 2017. Totalt 25 stk patruljer sommaren 2017.  I sesongen 2018 er det lagt opp til 50 patruljer over Besseggen tilpassa behov og trafikk.

 

Status etter sesongen 2017 er følgjande:

-Politiet hadde 8 redningsaksjonar i 2017, mot 14 i 2016

-AMK hadde 21 aksjonar i 2017, mot 22 i 2016

-Basert på tilbakemeldingar vi fekk frå turistar vi hjalp på tur over Besseggen, så unngjekk vi  7-8 redningsaksjonar.

-Besseggenpatrulja hjalp folk stort sett på kvar tur over Besseggen.

-Vi plukka i gjennomsnitt med oss ein 1/4 bærepose med søppel på kvar tur.

-Samfunnsøkonomisk så er det ingen tvil om at Besseggenpatrulja er lønnsom, og vi håpar det blir eit tiltak som kan fortsette i framtida.

                                                   

                                                  UNDER SER DYKK ALLE SOM STØTTA BESSEGGENPATRULJA I 2017

                                                         TUSEN HJERTELEG TAKK FOR DEN ØKONOMISKE STØTTA!

                         

                  I tillegg vil vi takke NORRØNA som heldt både oss og enkelte glade turistar varme med gode klær og egna utstyr!

 

                                                                Ynskjer du å støtte oss? Vi har VIPPS: 1100385