HISTORIEN OM BESSEGGENPATRULJA
Det har vore ei eksplosiv auke i antall fjellturistar, som kvar sommar og haust går den tidvis krevjande turen over Besseggen. I 2010 frakta Gjendebåten 30 000 passasjerar, medan i 2017 frakta den 63 000 passasjerar. I overkant av 55 000 gjekk Besseggen, i følgje tellaren til SNO.
Dei aukande besøkstala viste til noko meir til slitasje på sti, søppel langs ruta og ei gradvis auke av redningsaksjonar. Mange av desse aksjonane var unødvendige og “forbruka” ressursane som vart kalla ut, slik som t.d luftambulansen og Røde Kors. Politiet og AMK vart i den forbindelse initiativtakere forå sjå på kva for tiltak ein kunne sette inn på Besseggen, og ei patrulje var det som mange peika på som eit behov. Utfordringa var sjølvsagt kven tek seg av dette, og ikkje minst korleis skal den finansierast?
I 2017 tok dei lokale reiselivsaktørane ansvar for framtida til Besseggen som reiselivsprodukt, og 20 reiselivsverksemder og 2 kommunar gjekk saman for å opprette Besseggenpatrulja. Dette etter at vi ikkje fekk tilskot frå det offentlige, då dei lyste ut midler via Miljødirektoratet. (Trolltunga, Gaustadtoppen,Kjærag og Prekestolen fekk tilskotet på 7,5 millionar) GJENDEGUIDEN fekk ansvaret for å planlegge og gjennomføre denne patruljetenesta, og vi gjekk Besseggenpatrulje ein gang i veka i lågsesongen, og to ganger i høgsesongen frå juni til oktober 2017. Totalt gjennomførte vi 25 stk patruljer sommaren 2017. Oppsummering av sesongen, finn du lenger ned på sida.
Besseggenpatrulja fekk mykje mediemerksemd og positiv omtale både før, under og etter sommarsesongen 2017, og fleire fatta interesse for arbeidet som vart utført. Dette til ein rimelig kostnad, og ikkje minst med merkbare resultat.
I etterkant av sesongen tok Oppland Fylkeskommune (OFK) kontakt mtp at det var lyst ut sentrale midler til ulike sikringstiltak på utvalgte turistruter. OFK tok seg av søknaden, og denne gangen vart vi tildelt støtte slik at vi sommaren 2018 kunne auke til 50 patruljer over Besseggen tilpassa behov og trafikk. Gjendeguiden tok på seg jobben også denne sommaren. NASJONALPARKRIKET tok initiativet til #ryddepatruljen denne sommaren, og der var Gjendeguiden med og laga lanseringsfilmen på ei av Besseggenpatruljene. Filmen kan du finne HER
Oppsummering av sesongen vil komme på denne sida ila november 2018.
Samfunnsøkonomisk så er det ingen tvil om at Besseggenpatrulja er lønnsom, og vi håpar det blir eit tiltak som kan fortsette i framtida.