JO-STIGEN, eit levande kulturminne!

_01 Hovedbilde.jpg
 
 

Ein real snarveg opp til Besseggen? Nei, ikkje akkurat det!

Kanskje heller eit luftig og spanande alternativ i variert terreng med utfordring til både motorikk, balanse og høgdemestring! Jo-stigen er oppkalla etter den kjende lokale fritenkjaren og jegeren Jo Gjende, som levde i fjella rundt Gjende frå midten av førre århundre. Jo Gjende måtte ha ein rask adkomst til toppane rundt Besseggen for å jakte reinsbukk, når reinen sto høgt til fjells.

Turen går frå DNT Gjendesheim Turisthytte langs nordsida av Gjende (984 moh) på fin sti. Her gjekk setereigarane med kveg som skulle på sommarbeite i gamle dagar. I dag finn du også ein fin natursti fram til Hamsand. Etter omlag ein time bryt vi av stien, forlet den rike floraen og går rett oppover medan mektige Besseggen heng rett over oss. På turen oppover kryssar vi sva, går over steinrøyser og på fast fjell. Vel oppe på eggen ser vi rett mot Besshø og ned på Bessvatnet frå ca 1500 moh. Her kjem vi inn på normalruta over Besseggen, og følger denne attende til Gjendesheim. Det kan vere vanskeleg å følgje tråkket, spesielt i dårleg vær, men saman med GJENDEGUIDEN får du ein flott og trygg tur, der du kan nyte turen,utsikt og naturopplevinga! Vi brukar god tid på turen, og du kan forvente å vere attende på Gjendesheim 6-8 timar etter start.

 

 Med førar frå GJENDEGUIDEN slepp du lure på kva for sti du skal velgje for å kome tryggast opp JO-STIGEN til BESSEGGEN!

_V3A6535.jpg