PADLEKURS MED GJENDEGUIDEN

Grunnkurs HAV med dyktige GJENDEGUIDEN anbefalast alle, både heilt ferske og dei som har drive på litt! Svært lærerikt og artigt kurs som garantert vil auke padlegleda og tryggheita ved å vere på vatn!
— Tora, kursdeltakar
 

VI TILBYR FØLGJANDE KAJAKKURS

 
 
_01 Hovedbilde Grunnkurs hav.jpg

GRUNNKURS HAV

GJENDEGUIDEN inviterar til GRUNNKURS HAV på Vågåvatnet

Kajakkpadling på flattvatn er ikkje så vanskeleg som mange trur, og havkajakk gjev deg nettopp eit hav av flotte naturopplevingar, mestringskjensle og god trim. Dessutan er det sosialt!

GJENDEGUIDEN sine padlekurs følgjer Norsk Padleforbund (NPF) sin standard, og vi nyttar instruktørar godkjent av NPF.
NPF har utarbeidd ein kursstige der du kan utvikle deg i takt med ambisjonsnivået ditt. Sjå meir om "Grunnkurs Hav" og innhald her:

http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/grunnkurs-hav/

Etter grunnkurs kan du få «Våttkort», som m.a gjev deg anledning til leie kajakk på eiga hand i Norge, og delta på organiserte turar, både med GJENDEGUIDEN og andre aktørar.

http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/

Tidsplan
Kurset går over 16 timer, fordelt på fredag ettermiddag, laurdag og sundag og tentativ plan er:

Fredag 18-21, Laurdag 09-16, Søndag 09-15

Krav til utstyr:

Kajakk med line rundt heile kajakken

Vi oppfordrar til bruk av eigen kajakk og utstyr. Leieprisar: Kajakkpakke, kr.500,-

Kva er inkludert i prisen:

16 timars kurs med godkjendt instruktør, våttkort og evt våtdrakt under kurset.

Overnatting

Vi anbefalar overnatting på trivelege Vågåvatnete Feriesenter, som vi kjem til å bruke som utgangspunkt for kurset vårt. Booking finn du her: https://www.vagavatnet.no/

_01 Hovedbilde teknikk kurs.jpg

TEKNIKK KURS HAV

GJENDEGUIDEN inviterar til TEKNIKKURS HAV på Vågåvatnet

Kajakkpadling på flattvatn er ikkje så vanskeleg som mange trur, og havkajakk gjev deg nettopp eit hav av flotte naturopplevingar, mestringskjensle og god trim. Dessutan er det sosialt!

GJENDEGUIDEN sine padlekurs følgjer Norsk Padleforbund (NPF) sin standard, og vi nyttar instruktørar godkjent av NPF. NPF har utarbeidd ein kursstige og dette er kurset for deg som har fullført Grunnkurs Hav tidligare. Sjå meir om "Teknikkurs Hav" og innhald her:

http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/teknikkurs-hav/

På dette kurset så er det teknikktrening og repetisjon som er fokus, for å få ei best mogleg padleoppleving! Sikkerheit, skadeforebygging og gruppeoversikt står også i fokus.

http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/

Tidsplan
Kurset går over 16 timer, fordelt på fredag ettermiddag, laurdag og sundag og tentativ plan er:

Fredag 18-21, Laurdag 09-16, Søndag 09-15

Krav til utstyr:

Hjelm og tauline/kasteline

Vi oppfordrar til bruk av eigen kajakk og utstyr. Leieprisar: Kajakkpakke, kr.500,-

Kva er inkludert i prisen:

16 timars kurs med godkjendt instruktør, våttkort og evt våtdrakt under kurset.

Overnatting

Vi anbefalar overnatting på trivelege Vågåvatnete Feriesenter, som vi kjem til å bruke som utgangspunkt for kurset vårt. Booking finn du her: https://www.vagavatnet.no/

Grunnkurs Hav med Gjendeguiden
2,990.00
Quantity:
LEGG I HANDLEKORG
Teknikkurs Hav med Gjendeguiden
2,990.00
Quantity:
LEGG I HANDLEKORG

KAJAKK i SMULT FArVATN!

Vågå, 375 moh......jauda, det er langt over til havnekneipane i Skjolden og Sogndal, men mange synest det er godt å sleppe både tidevannstabell og brakkvatn i munnen.....

Vågå, Ottadalen, Gudbrandsdalen og Jotunheimen er ein godtepose for alle som likar å leike utomhus, og som set pris på alle fire årstidar. GJENDEGUIDEN kjører fleire padlekurs i havkajakk frå mai til september. Her får du grunnleggjande opplæring, samt VåttKort. Sjøl om vi har den verdskjende padleelva SJOA i nabolaget, går våre padleturar på flattvatn. Det betyr at ALLE kan vere med, og at DU kan nå draumen om å bli skipper på eiga skute! 

          Velkomen til KULTURPADLING med GJENDEGUIDEN!

_01 Hovedbilde heildagstur.jpg

 

GJENDEGUIDEN likar variasjon. Sjøl om fjell, vinter og ski har vore hovedfokus i mange år, er stisykkelen og kajakken aldri langt unna! Det er innimellom vanskeleg å velgje, fordi vi bur så lageleg til. Å padle kajakk i Ottadalen betyr at du kan velgje mellom det klåraste og reinaste fjellvatn til det irrgrøne brevatnet frå Jotunheimens driftige isbrear!

_V3A5609.jpg

Rekreasjon og mosjon!

GJENDEGUIDEN opnar gjerne turgodteposen sin for deg og dine venner. Vi har mange hemmelege perler! Vil du slappe av, slite, filosofere eller le? Vi er redd det blir litt av kvart. Allsidigheit er kanskje GJENDEGUIDEN si styrke! Difor blir vi litt stolte når vi får slike attendemeldingar;             

"Jeg har vært på mange kurs, med dette er det beste av alle!"

(Deltakar på ski- og skredkurs med GJENDEGUIDEN) 

 

_V3A4973.jpg

mestring og sosialt

Når du er med GJENDEGUIDEN nyttar vi tida godt både før, under og etter tur. Lars, ein av våre dyktige vegledere, introduserte oss for ordtaket; 

"Ein god vegleder har alltid ein plan, ein dårleg vegleder følgjer den....!" 

Alle gjester har rett på individuell tilpassing for å nå dei måla vi set oss for turen eller kurset!


                                                              GRUNNKURS HAV                                                                   Kajakkpadling på flattvatn er ikkje så vanskeleg som mange trur, og havkajakk gjev deg nettopp eit hav av flotte naturopplevingar, mestringskjensle og god trim.

Dessutan er det sosialt! 

last ned.jpg

Våttkort

Etter grunnkurs kan du få «Våttkort», som m.a gjev deg anledning til leie kajakk på eiga hand i Norge, og delta på organiserte turar, både med GJENDEGUIDEN og andre aktørar. 

_01 Hovedbilde teknikk kurs.jpg

Norsk Padleforbund(NPF)

Med NPF sin kursstige kan du utvikle deg i takt med ambisjonsnivået og padleerfaringa di . Sjå meir om "Grunnkurs Hav" og innhald under.
 

_V3A4734.jpg

finn ditt kurs LENGER OPP PÅ SIDA!

"Grunnkurs Hav"; 16 timars kurs med kursbevis "Våttkort" . Vi oppfordrar til bruk av eigen kajakk og utstyr. Leieprisar: Kajakkpakke, kr.500,-,