Svartkanne_original-xtralitenfil_Gjendeguiden.png
 

HELS PÅ GjendeguideN

 

Bak Gjendeguiden står ein friluftsinteressert og triveleg gjeng som har lyst til å vise deg godbitane i Jotunheimen med låge skuldre. Vi har alle brei og lang erfaring innan ulike formar for friluftsliv - og kjenner mange av fjella kring Gjende like godt som vår eiga lomme. 

Stopp klokka - start eventyret! 

På tur med  Gjendeguiden går vi ikkje etter klokka - men etter sola og været. Vi putter sjokolada, termosen og matpakke i sekken - og rusler avgårde medan praten går. 

 
 
_V3A7695.jpg

ØRJAN VENÅS

Dagleg leiar i Gjendeguiden.

Oppvaksen i høgfjellsnære Seljord er telemarkingen Ørjan langt over middels interessert i alt som er kvitt og kaldt. Ørjan er frelst fjellfant som har kjørt på telemark siden han kun var en stubbe stor og nyttar naturen døgnet rundt i jobb og fritid - sommar som vinter.  Ørjan har slått seg ned i Vågå med samboer og to barn, og for tida leiar han Skredgruppa Innlandet i Røde Kors.

Ørjan har brei erfaring frå vinterfriluftsliv og snøskred gjennom sin tidligare jobb i Forsvaret. Bla som instruktør på skredkursa til Forsvarets Vinterskole, samt ute i ulike avdelingar og firma. I tillegg har han skredobservatørkurs i regi av NVE, lang erfaring med skredkurs og foredrag, og har vore høgt og lågt i Røde Kors sidan tidlig nittitalet.

I sykkelmekkaet Vågå har Ørjan fått ein ny lidenskap: Stisykling. Knusktørre stiar, levande kulturlandskap, spektakulært høgfjell og terreng for eit kvar nivå byr i sum på unike opplevingar som Ørjan veldig gjerne vil ta deg med på.   

Me røast!

 
2018-Gjendeguider Norrøna (21).jpg

KNUT-ERIK TESSNES

Leirskulelærar og Gjendeguide.

I fjellbygda Vågå bur Knut-Erik.  Knut-Erik er leirskulelærar på Jotunfjell leirskole oppunder Galdhøpiggen, og aktiv medeigar i Gjendeguiden. Før det hadde han spesialbutikken Besseggen Fjellsport i Vågå i fleire år.

Som leirskolelærer og vegleder i friluftsliv i over 25 år har Knut-Erik lang erfaring med føring og kurs av grupper i høgfjellet, både i Jotunheimen og andre fjellområder. Han er ein ski- og fjellentusiast som trivst aller best når han får vise andre kva gledar og kvaliteter Jotunheimen har å by på.

Gjendeguiden har overtatt dei trivelege lokala til Besseggen Fjellsport midt i Vågåmo sentrum, og her kan ein fortsatt få turtips, reparasjon eller tilpassing av utstyret. Blir du med Gjendeguiden på tur og ønskjer kjøpe eller leie stisykkel, havkajakk eller alpint turutstyr, så er utstyret håndplukka av Knut-Erik. Dessutan er det kun her du får kjøpt den originale PRAXIS HØGRUTASKIA, det einaste verktyet du treng på beina i Jotunheimen!

Oss pratast!

 
4B2A0106.jpg
 

HARALD RUNE ØVSTEDAL

Skippar på Gjende, snikkar i bygda og fjellfrelst grunnlegger av Gjendeguiden. 

Harald er født og oppvaksen på Gjende i Jotunheimen. Her driv han Gjendebåten som kvart år fraktar over 60.000 fotturistar inn i hjartet av Jotunheimen med båt.

Harald vart biten av toppturbasilla i vaksen alder, men har alltid vore interessert i fisking og anna friluftsliv i fjellet. Kring fjellvatnet Gjende er han lommekjent, og han har vore til topps på alle fjell du kan sjå når du tek båten innover det irrgrønne fjellvatnet.

I Vågå Røde Kors har Harald vore aktiv i ei årrekke. Han har god kompetanse på fyrstehjelp og har vore med på mange redningsaksjonar i fjellheimen. Blir du med Gjendeguiden tek du ingen slik risiko.

Oss tållåst!

 

MARIUS HAUGALØKKEN

Hyttevert, stisyklist, jeger og stisykkelfrelst grunnlegger av Gjendeguiden.

Trebarnsfar med tusen jern i ilden og brennande entusiasme for å få gjestar på Gjendesheim ut og opp i Jotunheimen. Som vert på DNT si største hytte med 20.000 gjestar i året guidar ikkje Marius turar sjølv - men tek du ein prat med han på Gjendesheim så sitt turtips laust.

Vi mistenker faktisk at Marius aller helst ville brukt sommaren på eit stisykkelsete i eventyrlege Sjodalen - trakkande frå seter til seter gjennom lys levande kulturlandskap. Bli med Gjendeguiden på stisykkeltur - så får du gleda av å sjå Marius med lengsel i blikket etterpå. 

Vi snakkes!