La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet. 

KURS

Vil du lære meir om høgfjellet? Vi har allsidig kompetanse, og lang erfaring frå vegleiing  av grupper i høgfjellet.

Kursa våre er særs praktisk retta og foregår i Norges flottaste høgfjellsterreng i Jotunheimen. På kurs med GJENDEGUIDEN vil du få meire kunnskap, gjere eigne erfaringar og vurderingar, og betre dine basisferdigheitar. Det vil gjera fjellturen din både tryggare og artigare. Å kose seg på tur er viktig, og på våre kurs legg vi opp til eit godt læringsklima der du som deltakar kan møte med låge skuldrer, uansett kva bakgrunn du har! 

Med Jotunheimen som verda beste klasserom, kan Gjendeguiden tilby kurs heile året i; turplanlegging, kart/kompass/GPS, ski og skred, vinterfriluftsliv, stisykling, padling. Vi har kurs både med grupper og  enkeltpersonar. Vi gjev deg kunnskap så du sjøl kan lære å mestre fjellet og gjere turane dine over og under tregrensa tryggare og artigare.  

TUR MED FØRAR

Gjendeguiden skreddersyr turen for deg. Vi byr på turar til fots, i kajakk, på sykkelsetet og ski etter ditt ynskje. Vi har gode samarbeidspartnere på overnatting og lokale matopplevingar, og legg gjerne opp ferdige pakker for deg og ditt følgje.

I tillegg arrangerer vi gruppeturar du kan melde deg på: Sjekk ut aktivitetskalenderen vår HER.

Som det heiter i fjelleventyret; Vil du vere med så heng på!

 

VEGLEIARAR

GJENDEGUIDEN sine lokalkjente vegleiarar har brei kompetanse og lang erfaring med undervisning og vegleiing i vinterfriluftsiv. På dei kursa og turane som omfattar skredlære, ferdsel i bratt lende og på isbre har veglederen naturlegvis naudsynt kompetanse for å håndtere desse elementa. I høgfjellet arbeidar GJENDEGUIDEN alltid med gode marginar med tanke på kursdeltakarane og eigen tryggleik!

Når gjestar spør kva dei kan nytte ein ekstra dag i Jotunheimen til, gjev svaret seg sjøl.
Oppdagingsferd med Gjendeguiden - til fots, på sykkel, i kajakk eller på ski!
— Marius Haugaløkken, hyttevert på Gjendesheim Turisthytte