MESTRE FJELLET MED GJENDEGUIDEN!

GJENDEGUIDEN byr vi på fjellføring, stisykling, padling og ski i og rundt JOTUNHEIMEN heile året. Vi er på tur i små gruppar, og legg til rette for at du skal få store naturopplevingar, mestringskjensle og læring. Lite gler oss meire enn gjester som kjem attende år ette år, for nye eventyr!

Når gjestar spør kva dei kan nytte ein ekstra dag i Jotunheimen til, gjev svaret seg sjøl.
Oppdagingsferd med Gjendeguiden - til fots, på sykkel, i kajakk eller på ski!
— Marius Haugaløkken, hyttevert på Gjendesheim Turisthytte

FYRTÅRNET GJENDEGUIDEN

Som eitt av foreløpig få aktivitetsselskap i Norge har GJENDEGUIDEN vorte godkjent som MILJØFYRTÅRN!

Vi har teke nokre viktige valg i korleis vi utviklar gode reiselivsprodukt og legg til rette for våre gjestar. Ved å tilpasse drift og forretningside etter strenge kriteriar innan områder som arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport, blir vi flinkare til å tenkje miljø på alle plan i vårt daglege arbeid. Ei sertifisering som Miljøfyrtårn gjer ikkje ikkje våre turtilbod rimelegare, men DU som gjest kan heldigvis også ta viktige valg når du velger turselskap på ditt neste eventyr i Jotunheimen!

Turistar vil ha bærekraft

 
Svartkanne_original-xtralitenfil_Gjendeguiden.png
 

HELS PÅ GjendeguideN! 

Vi er ikkje så mange, men til gjengjeld er vi er heile året for deg!

GJENDEGUIDEN har kontor i Vågå, men arbeidsplassen er heile Jotunheimen. Kanskje er vi ikkje så ulik reinen, som vandrar rundt i fjellheimen og gjer sitt beste for å henge med gjennom dei litt utydelege sesongskifta som Norges flottaste høgfjellsområde byr på….

Gjendeguiden har vegledere med brei kompetanse og lang erfaring frå arbeid med folk og grupper i høgfjellet. Med utdanning og bakgrunn frå høgskule, Forsvaret, Norsk Luftambulanse og Røde Kors, byr våre faste vegledere på seg sjølve for at du skal få ei trygg, spennande og innhaldsrik turoppleving. I høgfjellet arbeidar GJENDEGUIDEN alltid med gode marginar med tanke på kursdeltakarane sin tryggleik, og vår eiga.

La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet!

 
_V3A9185.jpg

ØRJAN VENÅS

Dagleg leiar i Gjendeguiden.

Oppvaksen i høgfjellsnære Seljord er telemarkingen Ørjan langt over middels interessert i alt som er kvitt og kaldt, og har naturlegvis kjørt på telemarkski sidan han var en stubbe stor. Ørjan har slått seg ned i Vågå med samboer og to barn, og har brei erfaring frå vinterfriluftsliv og snøskred frå 20 år i Forsvaret. Han har vore instruktør på skredkursa til Forsvarets Vinterskole, og undervist rundt om i ulike avdelingar i Forsvaret og i sivile firma. I tillegg har han skredobservatørkurs i regi av NVE, arrangert mange skredkurs og foredrag om snøskred, og har vore høgt og lågt i Røde Kors sidan tidlig nittitalet. Ørjan er også leiar i Skredgruppa Innlandet i Røde Kors.

I sykkelmekkaet Vågå har Ørjan fått ein ny lidenskap: Stisykling. Knusktørre stiar, levande kulturlandskap og spektakulært høgfjellsterreng byr i sum på store naturopplevingar som Ørjan veldig gjerne vil ta deg med på.  Som ein av foreløpig få i Norge er han også i gang med første kursnivå på vegen mot å bli nasjonalt sertifisert sykkelguide. Dette bygger fundamentet for å melde seg opp til den gjeve, internasjonale sertifiseringen. Kompetanse og kvalitet er viktig for både Ørjan og Gjendeguiden.

Me røast!

 
_V3A7763.jpg

KNUT-ERIK TESSNES

Leirskulelærar og Gjendeguide.

Knut-Erik er leirskulelærar på Jotunfjell leirskole oppunder Galdhøpiggen, og aktiv medeigar i Gjendeguiden. I mange år hadde han spesialbutikken Besseggen Fjellsport i Vågå.

Som leirskolelærer og vegleder i friluftsliv i over 25 år har Knut-Erik lang erfaring med føring og kurs av grupper i høgfjellet, både i Jotunheimen og andre fjellområder. Han er ein ski- og fjellentusiast som trivst aller best når han får vise andre kva gledar og kvaliteter Jotunheimen har å by på. Knut-Erik er også ein av 12 som fekk plass på NORTIND si fyrste skiguideutdanning i Norge, med oppstart i 2019.

Gjendeguiden har overtatt dei trivelege lokala til Besseggen Fjellsport midt i Vågåmo sentrum, og her kan ein fortsatt få turtips, reparasjon eller tilpassing av utstyret. Blir du med Gjendeguiden på tur og ønskjer kjøpe eller leie stisykkel, havkajakk eller alpint turutstyr, så er utstyret håndplukka av Knut-Erik. Dessutan er det kun her du får kjøpt den originale PRAXIS HØGRUTASKIA, det einaste verktyet du treng på beina vinterstid i Jotunheimen!

Oss pratast!

 

La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet. 

KURS

Vil du lære meir om høgfjellet? Vi har allsidig kompetanse, og lang erfaring frå vegleiing  av grupper i høgfjellet.

Kursa våre er særs praktisk retta og foregår i Norges flottaste høgfjellsterreng i Jotunheimen. På kurs med GJENDEGUIDEN vil du få meire kunnskap, gjere eigne erfaringar og vurderingar, og betre dine basisferdigheitar. Det vil gjera fjellturen din både tryggare og artigare. Å kose seg på tur er viktig, og på våre kurs legg vi opp til eit godt læringsklima der du som deltakar kan møte med låge skuldrer, uansett kva bakgrunn du har! 

Med Jotunheimen som verda beste klasserom, kan Gjendeguiden tilby kurs heile året i; turplanlegging, kart/kompass/GPS, ski og skred, vinterfriluftsliv, stisykling, padling. Vi har kurs både med grupper og  enkeltpersonar. Vi gjev deg kunnskap så du sjøl kan lære å mestre fjellet og gjere turane dine over og under tregrensa tryggare og artigare.  

TUR MED FØRAR

Gjendeguiden skreddersyr turen for deg. Vi byr på turar til fots, i kajakk, på sykkelsetet og ski etter ditt ynskje. Vi har gode samarbeidspartnere på overnatting og lokale matopplevingar, og legg gjerne opp ferdige pakker for deg og ditt følgje.

I tillegg arrangerer vi gruppeturar du kan melde deg på: Sjekk ut aktivitetskalenderen vår HER.

Som det heiter i fjelleventyret; Vil du vere med så heng på!

 

gjendeguiden@gmail.com