BLI MED GJENDEGUIDEN PÅ TUR!

2019-10-21 (U) Bilde med GE og Gjendeguiden logo.jpg
2019-10-21 (U) Bilde med GE og Gjendeguiden logo.jpg
Besseggen vintertur med Gudbrandsdal Energi
1,490.00 1,750.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

BESSEGGEN PÅ SKI, 1 DAG

“Har du sett den Gjendin-eggen noen gang - kledd i hvitt?”

Opplev klassikaren Besseggen vinterstid! Over 60 000 går turen om sommaren, men om vinteren er vi som regel einslege der. Med lokalkjent førar frå GJENDEGUIDEN tek vi turen oppover eggen, etter fin oppvarming på ski fra Bessheim via Bessvatnet. Vi kjører ned der skiføret er best!

Turen kan opplevast som krevande pga kulda tidleg på året, men alle med normal fysisk form greier turen fint. Vær førebudd på følgjande:

- Vi er ute på tur i 8-9 timar.

- Heile turen er i underkant av 20 km.

- Har du høgdeskrekk så bør du ta turen om sommaren, før du melder deg på vinterturen!

- Været forandrar seg fort i høgfjellet, og vi kan oppleve alt frå +5 grader til -35 grader.

-Eigne datoar for fjellski og randonee. Pga litt ulik rytme undervegs avhengig av skiustyr, prøver vi å skille datoar på type skiutstyr for at du skal ha ei best mogleg turoppleving. NB.Det er mogeleg for folk på randone å delta på fjellskiturane, men ikkje omvendt. Desse må då følgje tempo og nedkjøringane til gruppa på fjellski. Ber om at dere skriv dette evt i merknadsfeltet ved påmelding.

-Du treng IKKJE stegjern, isøks eller tau!

-Oppmøte er på BESSHEIM FJELLSTUE KL 0830

Dato:
Quantity:
BESTILL DIN BESSEGGEN VINTERTUR
Toppturkurs på Gjendesheim, Jotunheimen
4,990.00 5,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

TOPPTURKURS 2,5 DAG

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar på Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen! Dette er det same kurset som tidligare heitte "Intro rando og skredkurs".

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det?

GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyri, i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag.

Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Gjendesheim Turisthytte.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS