GALDHØPIGGEN og BESSEGGEN

Piggen-Besseggen x.jpg
Piggen-Besseggen x.jpg

GALDHØPIGGEN og BESSEGGEN

1,800.00
Dato:
Quantity:
PÅMELDING

GENERELL INFO
Er du klar for eit eventyr i Jotunheimen? GJENDEGUDIEN i Vågå og FYRST&FREMST i Lom samarbeider om dette kinderegget av ein tur! Våre lokale førarar losar deg og vennene dine opp på Galdhøpiggen og Besseggen over to dagar. Vi gjev deg ei trygg, innhaldsrik og god fjelloppleving, og eit minne for livet!

Fyrste dagen går vi opp på Norges tak, Galdhøpiggen 2469 moh, i små grupper med alt breutstyr inkludert. Sjølv om dette er høgaste toppen, er den likevel minst fysisk krevande av desso to, og kortast i lengde. Med god mat, overnatting og kvile på ein av dei trivelege turistbedriftane i området, er du mett, utkvilt og klar for ein ny tur over Besseggen på andre dag.

Antall er minimum 4 stk og maksimum 8 stk pr førar.

Logistikken med våre andre faste turtilbod gjer at vi må ta turen i nevnte rekkefølge, men send gjerne spørsmål til post@fyrstogfremst.no ved spørsmål, og booking til andre aktivitetar t.d Norsk Fjellsenter, Klimapark 2469 i Lom, stisykling i Vågå eller rafting i Sjoa for å nemne nokre.

DAG 1: GALDHØPIGGEN
-Oppmøte på Juvasshytta kl 08:30, ferdig pakka sekk og klar til tur.
-Presentasjon av førar og turen, utdeling av personleg utstyr for kryssing av Styggebreen.
-Vi brukar om lag 7 timar tur/retur Galdhøpiggen, og undervegs nyt vi gode pauser for historiar,mat og drikke, og flott utsikt og fotomotiv.

I små grupper kan vi tilpasse dagen heilt etter gruppa, og legge eit godt grunnlag for ein litt lengre tur over Besseggen neste dag.

DAG 2: BESSEGGEN
-Oppmøte på Gjendeosen/Brygga kl 0915, ferdig pakka sekk og klar til tur.
-Båten går fra brygga kl 09.30 til Memurubu.
-Brygga Memurubu; Presentasjon av førar og turen.
-Vi brukar om lag 8t over Besseggen, og undervegs får du gode historiar og mange pauser for mat, drikke og foto!
-Etter at gruppa har kome opp "eggen", kan dei som ønskjer gå vidare over Veslfjellet i eget tempo gjerne gjere det, men føraren vil halde roleg tempo slik at alle kan få ei positiv turoppleving sjøl med gårsdagens tur i beina.

Meir informasjon:
https://www.gjendeguiden.no/besseggen-med-gjendeguiden/

UTSTYRSLISTE:
Forslag til dagstursekk (ca 15-20 liter) og bekledning:
> Ullundertøy innerst
> Vann og vindtett jakke og bukse
> Fleece evnt dunjakke til å ha på i pausene
> Varme votter/hansker
> Varm og vindtett lue.
> Godt fottøy! (Ikke joggesko, men fjellstøvler)
> Solbriller, solkrem
> Varm og kald drikke
> Sjokolade eller annen nødproviant
> Niste for ein god og lang dag i fjellet.

TRANSPORT
Transport til og frå dei ulike turane må den enkelte ordne sjølv.
Kjøretida mellom Gjendeosen og Juvasshytta er ca 2 timar.

For offentleg kommunikasjon, sjekk ut www.entur.no
For turen over Besseggen er båtbillett inkludert i prisen.

OVERNATTING
Overnatting må den enkelte deltakar ordne sjølve.
Vi anbefalar:
- Gjendesheim Turisthytte
- Bessheim Fjellstue

PRIS
1800,- pr person.
Dette inkluderar eiga førar to dagar, breutstyr på Galdhøpiggen og billett på Gjendebåten.

PÅMELDING
Påmelding til turen pr mail til: post@fyrstogfremst.no

SPØRSMÅL
Spørsmål ang turen kan sendast pr mail: post@fyrstogfremst.no