KNUTSHØE

P6224169.JPG
P6224169.JPG

KNUTSHØE

0.00
Påmelding

GENERELL INFO

Velkommen til fottur over KNUTSHØ med GJENDEGUIDEN. Knutshø har vorte ein favoritt for mange, og er eit perfekt turmål for deg som enten har gått Besseggen før, eller som har ein ekstra dag til overs. GJENDEGUIDEN byr på aktivitetar i Sjodalen og Jotunheimen heile året.

KNUTSHØ byr på ein kompakt rundtur med fin variasjon i terreng, lett klyving og ikkje minst ei utruleg flott utsikt mot Besseggen, Gjende og Jotunheimen. Turen over Knutshø er ikkje merka, men det er nokre skilt undervegs. Turen startar ved Vargebakken langs fylkesveg 51, går gjennom skogrensa, og byr på litt enkel klyving før du er oppe på ryggen. Vidare går turen over nokre fortopper før du kjem til høgaste punktet på Knutshø. Vi har flott utsikt til Besseggen på andre siden av Gjende, heilt til vi dreier ned mot Leirungsåi og går attende langs Øvre Leirungen. Vi kjem attende til Vargebakken.

OVERNATTING

Maurvangen Fjellpark, Gjendesheim Turisthytte, Bessheim Turisthytte, Sjodalen Hyttetun eller Hindsæter Fjellhotell.

GRUPPESTØRRELSE

Gjendeguiden har i utgangspunktet maks 6 deltakere pr førar.


UTSTYRSLISTE:
Forslag til dagstursekk (ca 15-20 liter) og bekledning:
> Ullundertøy innerst
> Vann og vindtett jakke og bukse
> Fleece evnt dunjakke til å ha på i pausene
> Varme votter/hansker
> Varm og vindtett lue.
> Godt fottøy! (Ikkje joggesko, men fjellstøvler)
> Solbriller, solkrem
> Varm og kald drikke
> Sjokolade eller annen nødproviant
> Niste for ein god og lang dag i fjellet.

TRANSPORT
Transport til Sjodalen må den enkelte ordne sjølv.

For offentleg kommunikasjon, sjekk ut www.entur.no


Velkomen på tur med allsidige GJENDEGUIDEN!