MUNCHRUTA PÅ ELSYKKEL

"SKRIK" av Edvard Munch
"SKRIK" av Edvard Munch

MUNCHRUTA PÅ ELSYKKEL

0.00
Quantity:
Add To Cart

Generell info
Stisykling er ein fantastisk måte å utforske fjellheimen og oppleva kulturlandskapet i Gudbrandsdalen på. I Vågå, Sjodalen og Jotunheimen har vi eit tørt innlandsklima som gjev oss stigar med særs god kvalitet og tåleevne. Bli med GJENDEGUIDEN på guida stisykkeltur i eventyrleg høgfjellsmiljø eller i kulturbygda Vågå. Du vil bli overraska, sveitt, glad og hekta!

MUNCHRUTA på elsykkel:

Bli med GJENDEGUIDEN gjennom MUNCHRUTA på elsykkel. Kunstnaren EDVARD MUNCH hadde eit sterkt forhold til Vågå, med både familie og vener i bygda. Med elsyklar følgjer vi MUNCH-ruta frå Vågå sentrum via den gamle prestegårend ULLINSVIN, vidare til bygdamuseumet JUTULHEIMEN, for vi forstett rundt den driftige grenda NORDHERAD. Her sykler vi gjennom eit lite stykke Norge med små og store gårdsbruk høgt oppe i solsida over det irrgrøne Vågåvatnet. Brevatnet gjev fantastisk fine detaljar på bilete. Vi stopper ved VALBJØR, ein gard med historiske hus og drift heilt attende til 1700-talet, som i dag driv med økologisk geit-og sauedrift. Vi trillar ned Nordheradsvegen til Vågåvatnet og returnerar til Vågå langs vatnet og endar opp på GJENDEGUDIEN sitt kontor, med anledning til eit måltid mat i Vågå sentrum. Med elektriske syklar går turen lett og du har tid til å nyte turen både oppover, bortover og nedover.

Les meir meir om MUNCH i Vågå her: http://www.munchivaga.no/

Tidsplan:
Kveldsturen går over 3 timer, og byrjar med ein gjennomgang av elsykkel og sikkerhetsprat, før vi set oss på sykkelen og leitar opp fyrste MUNCH-skiltet.

Utstyr:

Joggesko, gode klede til å sykle i, ekstra klede i sekken tilpassa været, samt drikkeflaske og litt snacks. Hjelm er påkrevd.

Overnatting:

Vi anbefalar overnatting på trivelege Vågåvatnete Feriesenter, som vi kjem til å bruke som utgangspunkt for turane våre.

Booking til overnatting finn du her: https://www.vagavatnet.no/

Pris
,- pr person.
Dette inkluderar guiding og elsykkel.