3 timars kajakktur med Gjendeguiden

_V3A4734.jpg
_V3A4734.jpg

3 timars kajakktur med Gjendeguiden

890.00

Pris inkulderer lån av kajakk m/utstyr og våtdrakt

Tidspunkt:
Quantity:
Add To Cart

Kajakk i Jotunheimen, 3 timar

Generell info
Sjøl om vi har den verdskjende padleelva SJOA i nabolaget, går våre padleturar i Jotunheimen på flattvatn. Det betyr at ALLE kan vere med, og at DU kan nå draumen om å bli skipper på eiga skute! Velkomen til KULTURPADLING med GJENDEGUIDEN!
   

I haustferien kan du vere med GJENDEGUIDEN på ein enkel 3 timers tur i havkajakk på Gjende elle Øvre Sjodalsvatn. Kajakkpadling på flattvatn er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur, og havkajakk gjev deg nettopp eit hav av flotte naturopplevingar, mestringskjensle og god trim. Dessutan er det sosialt!. Er du heilt fersk? Eller har du kanskje prøvd kajakk før? Vi legg til rette for at alle skal ha ei flott og trygg turoppleving. Turane våre går nærme land og vi padlar i små grupper på maks fem kajakkar. Vi byrjar med ein gjennomgang av turen, utstyr og sikkerhetsprat på land, før vi går i kajakken og padlar inn i draumen….

Tidspunkt

VEKE 39/40: Laurdag 28.09 / sundag 29.09 / tysdag 1 .10 / onsdag 2.10

Oppmøte 09.00 og 14.00 ved Gjendeosen/brygga.


Pris
890,- pr person. Alder: fra 14 år.

Inkludert i prisen:

3 timar kajakk med vegleder, kajakk med utstyr, våtdrakt og våtsko. Dusj disponibel på Gjendesheim Turisthytte med polett.