Ny på rando, dagstur i Jotunheimen.

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-14.jpg
_V3A7132.jpg
_V3A7521.jpg
_V3A7486.jpg
_V3A6170.jpg
_V3A5910.jpg
Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-14.jpg
_V3A7132.jpg
_V3A7521.jpg
_V3A7486.jpg
_V3A6170.jpg
_V3A5910.jpg

Ny på rando, dagstur i Jotunheimen.

from 1,750.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

NY PÅ RANDO, 1 DAG

Har du nytt skiutstyr, men er litt uerfaren i høgfjellet? Eller ønskjer du kanskje å leie skiutstyr for å prøve? Bli med rutinerte GJENDEGUIDEN på introduksjonstur!

Vi har lært folk å kjøre på ski i 25 år, og saman legg vi opp til ein roleg dagstur etter forholda i fjellet. Du får gode råd undervegs, og lærer mest om skiutstyret ditt og god turteknikk, og litt om trygge vegvalg. I Jotunheimen får du alltid beste kombinasjonen av klima, skiføre og terreng!

Vær og føre bestemmer kor turen går. Vi bruker eigne bilar ved behov.

NB! Inviter med ein venn, så blir det dobbelt så hyggeleg!

Dato og kursplass:
Quantity:
BESTILL NY PÅ RANDO

MEIR INFORMASJON OM TUREN

PROGRAM NY PÅ RANDO, 1 DAG

Endeleg er det din tur! Inviter ein venn med på topptur i Jotunheimen. GJENDEGUIDEN byr på triveleg turfølge og låge skuldrer. Ski skal vere GØY!

Endeleg er det din tur! Inviter ein venn med på topptur i Jotunheimen. GJENDEGUIDEN byr på triveleg turfølge og låge skuldrer. Ski skal vere GØY!

PROGRAM

0800 - 0845: Frokost/kaffe. Oppmøte på Lemonsjøen Alpinsenter eller Gjendesheim Turisthytte.

0900 -09.45: Innendørs; enkel gjennomgang av sekken, klede, støvler, skiutstyr og skredredningsutstyr.

0945- 1600: Ut på ski. Tilpassing av utstyr, praktiske øvingar. Ferdråd og tur etter evne. Terrengforståelse og vegvalg. Lunsj med demonstrasjon av skredredningsutstyr. Vi finner god og trygg snø, og øver på å bli betre på ski. Skikjøring skal vere gøy!

1600 : Oppsummering/innlevering av lånt utstyr. Takk for turen!

PRISTILBOD

-NY PÅ RANDO, dagstur kr. 1750,- Inkluderar vegleder 1 dag frå Gjendeguiden. Utstyrsleige og transport kjem i tillegg.

-NY PÅ RANDO, pakke m/overnatting: kr. 2590,- Inkluderar ei overnatting på Gjendesheim Turisthytte/Lemonsjøen Fjellstue, middag, frokost og lunchpakke, og 1 dag med vegleder frå Gjendeguiden. Enkeltrom, transport, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

Skiutstyr kan du leie her: Lemonsjøen Alpinsenter - Gjendesheim Turisthytte

 

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Lemonsjøen/Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! De må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men her er tips for samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, slik at deltakerane kan koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom du ikkje er på Facebook, så send ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så prøver vi å hjelpe.