Skredkurs Gjendesheim, Jotunheimen

_V3A7672.jpg
_V3A6910.jpg
_V3A7797.jpg
_V3A6681.jpg
_V3A7308.jpg
_V3A5910.jpg
_V3A7672.jpg
_V3A6910.jpg
_V3A7797.jpg
_V3A6681.jpg
_V3A7308.jpg
_V3A5910.jpg

Skredkurs Gjendesheim, Jotunheimen

5,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

SKREDKURS 2,5 DAG

Ivrig på ski, men litt usikker på vegvalget, skredfaren og korleis ein skal bruke skredfarevarselet?

Her får du ei intensiv innføring i skredlære som du kan bruke i turplanlegging og undervegs på din neste topptur. På kurset vil du i små grupper bli kjent med ulike verkty og metoder for å lære å bevege deg tryggast mogleg i variert skiterreng. Du treng ingen forkunnskapar for å delta på kurset, utover det å kunne være ute ein lang vinterdag. Kurset passar for alle som har interesse for vinterfjellet, uansett om du går på randonee, fjellski eller snowboard. Skiutstyr kan leigast på Gjendesheim. På dette kurset er det høgt læringstrykk både ute og inne, for at du skal få best mogleg utbytte! I tillegg får du velsmakande lokalmat på Gjendesheim Turisthytte.

Du vil også bli kjent med andre på same erfaringsnivå og med felles interesser, som du under kurset kan planlegge nye skieventyr med!

Dato:
Quantity:
BESTILL DITT SKREDKURS

MEIR INFORMASJON OM KURSET

PROGRAM SKREDKURS 2,5 DAG

Teoretisk gjennomgang av skredlære fyrste kveld. Du blir kjent med ulike digitale og analoge hjelpemiddel, Vi går gjennom ski og skredredningsutstyr, og pakkar sekken til tur!

Teoretisk gjennomgang av skredlære fyrste kveld. Du blir kjent med ulike digitale og analoge hjelpemiddel, Vi går gjennom ski og skredredningsutstyr, og pakkar sekken til tur!

DAG 1

1800 -1900 Middag av lokale råvarer. Serveres ved ankomst Gjendesheim.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i kjellarstue.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori.

Alt frå utstyrsgjennomgang, planlegging av ruta, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, ulike testar og værfenomen du bør være obs på i forhold til skredfare. Ta gjerne ein kikk på SNØSKREDSKOLEN før du kjem oppover, eller les: “Den lille snøskredboka” av Kjetil Brattlien.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

Kameratredning, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er i fokus under helga. Korleis kan vi involvere alle i gruppa undervegs? Kva er tur etter evne?

Kameratredning, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er i fokus under helga. Korleis kan vi involvere alle i gruppa undervegs? Kva er tur etter evne?

DAG 2

0800 Frokost, smører niste og gjer klar for ein lang dag ute i verdas beste klasserom.

Dagen består av praktiske øvingar ute i terrenget i forhold til skred og skredfare. Kameratredning. Korleis er snødekket? Kva er evt skredproblem, og korleis kan vi gjenkjenne desse og håndtere dei? Vi er ute til ca 1630, litt avhengige av været, før vi trekker ned til Gjendesheim.

Kl 1900. Middag på Gjendesheim, laga på lokale råvarer, med litt historie attåt.

Etter middag har vi det sosialt i kjellarstova, med litt film, foredrag, historiar etc.

Dag 3 graver vi mykje i snøen, blir kjent med snødekke og kompresjonstestar. Kva er skredproblemet? Korleis vurderar vi skredfaren undervegs på turen?

Dag 3 graver vi mykje i snøen, blir kjent med snødekke og kompresjonstestar. Kva er skredproblemet? Korleis vurderar vi skredfaren undervegs på turen?

DAG 3

0800 Frokost, smører ei god niste og alle pakkar seg ut av rommet. 

0900 Vi oppsøkjer terreng som vil gje mest læring ift snø og snødekke, og brukar dette som klasserom resten av dagen.

Dagen består av praktiske øvingar ute i terrenget, med fokus på snøprofil, stabilitetstestar, trygge vegvalg og litt repetisjon frå dagen før.

1500 Vi kjører på ski til Bessheim Fjellstue, og avsluttar kurset med ein betre middag av lokale råvarer! Tilgang på dusj på Bessheim før heimreise.

PRISTILBOD

Prisen i år er 5490,- og dette inkluderar 2,5 dag med godt kvalifiserte veiledere frå Gjendeguiden, alle måltider fom middag dag 1 til lunch dag 3 samt overnatting i to døgn på firemannsrom (DNT-medlemmer) på Gjendesheim, middag dag 3 på Bessheim Turisthytte før heimreise. Enkeltrom, transport, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

 

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....