Topptur i Jotunheimen

Topptur
Topptur i Jotunheimen
_V3A6287.jpg
Vinter på Gjendesheim
Topptur
Topptur i Jotunheimen
_V3A6287.jpg
Vinter på Gjendesheim

Topptur i Jotunheimen

1,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

TOPPTUR MED LOKAL FØRAR I JOTUNHEIMEN, 1 DAG

Gira på ski, men ikkje sikker på kor ferden bør gå? Kanskje har du ikkje vore i Jotunheimen før, eller kanskje ønskjer du å bli enda tryggare på ski i høgfjellet? Velkomen på tur med rutinerte GJENDEGUIDEN.

Vi legg turen der forholda er best for å få mest mogleg ut av skituren. Vi planlegg turen saman og fokuserar på gode vegvalg og trygg skikjøring. Kanskje byr vi på ein 2000-meterstopp, men vi prioriterar alltid god skikjøring framfor avblåste stortoppar. Om du ønskjer å prøve alpint turutstyr før du evt investerar, kan du leie skiutstyr av våre samarbeidspartnere:

Lemonsjøen Alpinsenter Gjendesheim Turisthytte Sporten Beitostølen

TIPS! Inviter med ein venn, så blir det dobbelt så hyggeleg!

NB! Ønskjer du pakketilbod over 2 eller 3 dagar med/utan overnatting, send ein forespørsel på epost til Gjendeguiden@gmail.com

Dato og møtestad:
Quantity:
BESTILL DIN TOPPTUR

MEIR INFORMASJON OM TOPPTUR, 1 DAG

God stemning i gruppa er viktig, og når ein når målet for dagen så står jubelen i himmelen!

God stemning i gruppa er viktig, og når ein når målet for dagen så står jubelen i himmelen!

PROGRAM

0800 - 0830 Frokost/kaffe. Oppmøte på Lemonsjøen Alpinsenter eller Gjendesheim Turisthytte.

0830 -0900: Ferdråd. Vi går gjennom dagens turmål og koordinerar kjøring etc.

0900- ca 1600: Ut på ski. Saman legg vi opp til ein innhaldsrik dagstur etter snø- og verforholda i i Jotunheimen. Om du ønskjer får du gode råd om vegvalg og turteknikk undervegs. I Jotunheimen får du alltid beste kombinasjonen av klima, skiføre og terreng! Vi prioriterar alltid trygg og morsom skikjøring foran avblåste topper, dersom ikkje anna er avtala. Vi bruker eigne bilar ved behov.

1600 : Takk for turen og vel heim!

PRISTILBOD


-TOPPTUR, 1 DAG, kr. 1490,- Dette inkluderar vegleder 1 dag frå Gjendeguiden, utstyrsleige kjem i tillegg.

NB! Ønskjer du pakketilbod over 2 eller 3 dagar med/utan overnatting, send ein forespørsel på epost til Gjendeguiden@gmail.com

 

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Lemonsjøen/Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til våre samarbeidspartnarar Lemonsjøen Fjellstue og Gjendesheim Turisthytte via E6 til Heidal/Vågå

Den enkelte er sjøl ansvarlig for transport til turmål , men vi har nokre tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom de ikkje er på Facebook, så kan de sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.