Toppturkurs Grønolen, Beitostølen

_V3A7583.jpg
_V3A7090.jpg
Norge_Valdres_Grønolen_ute-1280x660.jpg
_V3A6170.jpg
_V3A7583.jpg
_V3A7090.jpg
Norge_Valdres_Grønolen_ute-1280x660.jpg
_V3A6170.jpg

Toppturkurs Grønolen, Beitostølen

6,290.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

INFORMASJON TOPPTURKURS 2,5 DAG

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar på Grønolen Fjellgard på Beitostølen! Dette er det same kurset som tidligare heitte "Intro rando og skredkurs".

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutsty i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av rutinerte GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskapar for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Sporten Beitostølen.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS

MEIR INFORMASJON OM KURSET

PROGRAM TOPPTURKURS 2,5 DAG

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden. Å bli kjent med eget utstyr er viktig for å kunne mestre vinterfjellet.

DAG 1

1800 -1900 Middag av lokale råvarer. Serveres ved ankomst Grønolen Fjellgard, Beitostølen.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Gjennomgang av utstyr, planlegging av skitur, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, yr.no og andre hjelpemiddel.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

DAG 2

0800 Frokost,. Smører god niste og gjer klar for ein lang dag ute.

0845 - ca 1630 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Problematisering og erfaringsbaserte løysingar. Lunsjgrop undervegs. Vi ser etter godt og trygt skiføre.

Kl 1900. Middag på Grønolen Fjellgard.

Etter middag: Sosialt i peisestova, med litt film, foredrag, historiar etc.

God skiteknikk gjer turen både artigare, og mange knekkjer “laussnøkoda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

God skiteknikk gjer turen både artigare, og mange knekkjer “laussnøkoda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

DAG 3

0800 Frokost. Smører god niste og alle pakkar seg ut av rommet.

0900 Vi finn terreng og skiføre som gjev mest læring ift snø og snødekke. Vi repeterar frå fredag og laurdag, og ser på aktuelle skredproblem og trener på hensikstmessig skiteknikk.

1500 Vi avsluttar kurset med ein betre middag på Grønolen Fjellgard. Her kan du utveksle kontaktinfo med andre kursdeltakarar for å planlegge neste skitur!

PRISTILBOD

Kursrisen er kr. 6290,- og dette inkluderar 2,5 dag med godt kvalifiserte vegledere frå Gjendeguiden, alle måltider fom middag dag 1 til middag dag 3 samt overnatting i to døgn i dobbeltrom på Grønolen Fjellgard. Enkeltromstillegg, transport, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

 

VÆRVARSEL FOR BEITOSTØLEN.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa di.

KJØRE EGEN BIL

NB! KJEM DU FRÅ NORD: VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT!

Dykk køyrer til Grønolen Fjellgard via Beitostølen. Ca 3,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....