Toppturkurs pensjonistar, Jotunheimen

_V3A6673.jpg
_V3A7515.jpg
_V3A7090.jpg
_V3A6235.jpg
_V3A7437.jpg
_V3A7972.jpg
_V3A6673.jpg
_V3A7515.jpg
_V3A7090.jpg
_V3A6235.jpg
_V3A7437.jpg
_V3A7972.jpg

Toppturkurs pensjonistar, Jotunheimen

from 5,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

TOPPTURKURS FOR PENSJONISTAR 2,5 DAG

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar i magiske Jotunheimen! Har du kjørt alpint, gått på fjellski eller langrennski, og er litt nysjerrig på alpint turutstyr? I tillegg har du kanskje tid til å gå på tur også på vekedagar? Bli med rutinerte GJENDEGUIDEN på kurs, lær håndverket og treff nye turvenner!

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyr, skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av rutinerte vegledere frå GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast hjå våre samarbeidspartnarar:

Lemonsjøen Alpinsenter - Gjendesheim Turisthytte - Sporten Beitostølen

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

Dato og kursstad:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS

MEIR INFORMASJON OM KURSET

PROGRAM TOPPTURKURS PENSJONISTAR 2,5 DAG

Fyrste kvelden ser vi på turplanlegging, kart og ulike digitale og analoge hjelpemiddel. Vi har eit ferdråd i små grupper, går gjennom skiutstyret og pakker sekken klar til tur.

DAG 1

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

1800 -1900 Middag serveres ved ankomst.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Gjennomgang av utstyr, planlegging av skitur, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, yr.no og andre hjelpemiddel.

Under kurset fokuserar vi på gode vegvalg og gjenkjenning av trygt skiterreng. Alle i gruppa skal vere involvert undervegs, og vi nyttar terrenget på beste måte både opp og ned.

Under kurset fokuserar vi på gode vegvalg og gjenkjenning av trygt skiterreng. Alle i gruppa skal vere involvert undervegs, og vi nyttar terrenget på beste måte både opp og ned.

DAG 2

0800 Frokost,. Smører god niste og gjer klar for ein lang dag ute.

0845 - ca 1630 Ut på ski. Trene med sender/mottakar og skredredningsutstyr. Tur etter evne og lunsjgrop undervegs. Vi ser etter godt og trygt skiføre.

Kl 1900. Middag

Etter middag har vi det sosialt i kjellarstova, med litt film, foredrag, historiar etc.

Dag tre går vi ein enkel dagstur, der vi repeterar moment frå laurdag og legg opp til best mogleg skikjøring. Korleis kjører du godt på ski i høgfjellet?

Dag tre går vi ein enkel dagstur, der vi repeterar moment frå laurdag og legg opp til best mogleg skikjøring. Korleis kjører du godt på ski i høgfjellet?

DAG 3

0800 Frokost. Smører god niste og alle pakkar seg ut av rommet.

0900 Vi finn terreng og skiføre som gjev mest læring ift snø og snødekke. Vi repeterar frå fredag og laurdag, og ser på aktuelle skredproblem og trener på hensikstmessig skiteknikk.

1500 Vi avsluttar kurset med ein betre middag. Her kan du utveksle kontaktinfo med andre kursdeltakarar for å planlegge neste skitur!

PRISTILBOD

Prisen i år er 5490,- og dette inkluderar 2,5 dag med godt kvalifiserte vegledere frå Gjendeguiden, alle måltider fom middag dag 1 til middag dag 3 samt overnatting i to døgn på 4 manns rom/hytte på Gjendesheim Turisthytte eller Lemonsjøen Fjellstue

Prisen på Grønolen Fjellgard er 6290,- i dobbeltrom.

Enkeltrom, transprt, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

 

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

LEMONSJØEN/GJENDESHEIM:

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Lemonsjøen/Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

BEITOSTØLEN

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! De må køyre til Gjendesheim Turisthytte og Lemonssjøen Fjellstue via E6 Heidal/Vågå og til Grønolen Fjellgard via Beitostølen. Finn kjørerute på Statens Vegvesen si heimeside www.vegvesen.no

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokre tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....