Toppturkurs Gjendesheim, Jotunheimen

_V3A7585.jpg
received_2060828127367733.jpeg
_V3A5910.jpg
_V3A7622.jpg
_V3A7585.jpg
received_2060828127367733.jpeg
_V3A5910.jpg
_V3A7622.jpg

Toppturkurs Gjendesheim, Jotunheimen

5,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

TOPPTURKURS 2,5 DAG

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar på Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen! Dette er det same kurset som tidligare heitte "Intro rando og skredkurs".

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyri, i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Gjendesheim Turisthytte.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS

MEIR INFORMASJON OM KURSET

TOPPTURKURS 2,5 DAG

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden. Å bli kjent med eget utstyr er viktig for å kunne mestre vinterfjellet.

DAG 1

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

1800 -1900 Middag på Gjendesheim Turisthytte. Serveres ved ankomst.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i peisestua.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Gjennomgang av utstyr, planlegging av skitur, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, yr.no og andre hjelpemiddel

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

DAG 2

0800 Frokost,. Vi gjer klar for ein lang dag ute. Lunsj underveis på turen.

0845 - ca 1630 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Problematisering og erfaringsbaserte løysingar. Lunsjgrop undervegs. Vi ser etter godt og trygt skiføre.

Kl 1900. Middag på Gjendesheim Turisthytte.

Etter middag: Sosialt i peisestova, med litt film, foredrag, historiar etc.

God skiteknikk gjer turen både artigare og tryggare, og mange knekker “koda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

God skiteknikk gjer turen både artigare og tryggare, og mange knekker “koda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

DAG 3

0800 Frokost. Smører god niste og alle pakkar seg ut av rommet.

0900 Vi finn terreng og skiføre som gjev mest læring ift snø og snødekke. Vi repeterar frå fredag og laurdag, og ser på aktuelle skredproblem og trener på hensikstmessig skiteknikk.

1500 Vi kjører på ski til Bessheim Fjellstue og avsluttar kurset med felles middag. Her kan du også skifte og dusje før heimreise, og dele kontaktinfo med andre kursdeltakarar, og planlegge din neste tur!

PRISTILBOD

Prisen i år er 5490,- og dette inkluderar 2,5 dag med godt kvalifiserte veiledere frå Gjendeguiden, alle måltider fom middag dag 1 til lunch dag 3 samt overnatting i to døgn på firemannsrom (DNT-medlemmer) på Gjendesheim, middag dag 3 og evt dusj på Bessheim Turisthytte før avreise. Enkeltrom, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

 

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim Turisthytte via E6 til Vågå eller Otta/Heidal. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Då slepp dei andre sitte å vente, og du får med deg heile kurset!