Toppturkurs Lemonsjøen, Jotunheimen

DSC_0606.JPG
received_242324736706900.jpeg
received_694187604309313.jpeg
received_2060828127367733.jpeg
DSC_0606.JPG
received_242324736706900.jpeg
received_694187604309313.jpeg
received_2060828127367733.jpeg

Toppturkurs Lemonsjøen, Jotunheimen

5,490.00

NB! PÅMELDING PÅ VÅRE TURAR OG KURS SEINAST 7 DAGAR FØR TUR.

TOPPTURKURS 2,5 DAG

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar i skieldoradoet Lemonsjøen i Jotunheimen! Dette er det same kurset som tidligare heitte "Intro rando og skredkurs".

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyr, skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av rutinerte GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Lemonsjøen Alpinsenter.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS

MEIR INFORMASJON OM KURSET

TOPPTURKURS 2,5 DAG

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden. Å bli kjent med eget utstyr er viktig for å kunne mestre vinterfjellet.

DAG 1

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

1800 -1900 Middag på Lemonsjøen Fjellstue. Serveres ved ankomst.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i peisestua.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Gjennomgang av utstyr, planlegging av skitur, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, yr.no og andre hjelpemiddel

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

Turplanlegging, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er sentrale tema på våre toppturkurs.

DAG 2

0800 Frokost,. Vi gjer klar for ein lang dag ute. Lunsj undervegs på turen.

0845 - ca 1630 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Problematisering og erfaringsbaserte løysingar. Lunsjgrop undervegs. Vi ser etter godt og trygt skiføre. Kameratredning

Kl 1900. Middag på Lemonsjøen Fjellstue.

Etter middag: Sosialt i peisestova, med litt film, foredrag, historiar etc.

God skiteknikk gjer turen både artigare og tryggare, og mange knekker “laussnøkoda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

God skiteknikk gjer turen både artigare og tryggare, og mange knekker “laussnøkoda” i løpet av våre kurs i høgfjellsterreng.

DAG 3

0800 Frokost. Smører god niste, og alle pakkar seg ut av rommet.

0900 Vi finn terreng og skiføre som gjev mest læring ift snø og snødekke. Vi repeterar frå fredag og laurdag, og ser på aktuelle skredproblem og trener på hensikstmessig skiteknikk.

1500 Vi avslutter kurset med middag på fjellstua. Her kan du dele kontaktinfo med andre kursdeltakarar og planlegge din neste tur!

PRISTILBOD

Prisen i år er 5490,- og dette inkluderar 2,5 dag med godt kvalifiserte vegledere frå Gjendeguiden, alle måltider f.o.m middag dag 1 til middag dag 3 samt overnatting i to døgn på Lemonsjøen Fjellstue. Enkeltromstillegg,transport, drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

UTSTYR

 

VÆRVARSEL FOR LEMONSJØEN.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Lemonsjøen, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT!

Dykk må køyre til Lemonsjøen via E6 til Vågå eller Otta/Heidal. Ca 5,5 t frå Oslo og 5 t frå Trondheim.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Då slepp dei andre sitte å vente, og du får med deg heile kurset!