Besseggen med Eidsiva energi

sale

Besseggen med Eidsiva energi

899.00 999.00

BESSEGGEN - EIN FJELLTUR I VERDENSKLASSE?  

"Vi går den gjerne saman med deg....."

Alle har høyrt om den, mange har gått den, og mange fleire drøymer om å gå den! Besseggen er fyrst og fremst ein fantastisk flott fjelltur, med utsikt til store delar av Jotunheimen og mange av Jotunheimen sine stortoppar på over 2000 moh. Besseggen er fjellryggen som ligg mellom fjellvatnet Gjende på 984 moh i sør, og Besshø (2258moh) og Bessvatnet på 1374 moh på nordsida. På «bandet», det smalaste partiet mellom vatna, er det berre nokre få meter som hindrar Bessvatnet i å renne over og stupe nesten 400 meter rett ned i Gjende!

Besseggen er kjent fra «Bukkerittet» i Henrik Ibsens sitt skuespill Peer Gynt. Her prøver mellom anna Peer å overbevise mor Åse, om at han har ridd over «Gjendineggen», altså Besseggen, på en reinsbukk. På eggen oppover frå «Bandet» er det bratt og luftig, men likevel god plass til både hender og føter i dei brattaste kneikane. På tur med GJENDEGUIDEN over Besseggen får du god hjelp både før og under turen, og vi deler gode historiar frå livet i fjellet.

Les korleis Rob Slade frå Wired for adventure skildra turen hausten 2017 HER.

Dato:
Quantity:
LEGG I HANDLEKORG