Kultursykling med Gjendeguiden

DSC_0674.JPG
DSC_0674.JPG
sale

Kultursykling med Gjendeguiden

390.00 590.00

Har du høyrt om LANDSKAPPLEIKEN 2019 i Vågå? Det reknar vi nesten med, men hvis ikkje så kan du berre byrje gle deg. GJENDEGUIDEN tek ansvar for å lufte eit trufast festivalpublikum, slitne dansarar og småtrøytte spelemenn. Vi trur behovet er der.... 

Velkomen på akustisk og elektrisk kultursykling med GJENDEGUIDEN! Med solide elsyklar frå BIKE`N HIKE JOTUNHEIMEN går turen i roleg tempo frå vårt kontor midt i Vågå sentrum, opp til idylliske Jettjønn 1075 moh. Der legg vi oss på ryggen i lyngen, og får servert ein akustisk minikonsert frå lokale spelemenn. Samtidig smiler vi kanskje over kor lett det gjekk å sykle 700 høgdemeter på elsykkel. På trilleturen nedover igjen får vi utsikt rett mot Glittertind og Jotunheimen, medan beina får kvile og gjere seg klare for ei lang festivalnatt. Det er også lov å gle seg på å parkere og rusle maksimalt 200 meter til afterbike på ein av dei mange serveringstadane i sentrum. Det følelsen vil du like! 

OPPMØTE
Gjendeguiden, Moavegen 1, Vågå

LEIE AV ELSYKKEL
https://www.bikeandhike.no/booking

UTSTYR
Du treng gode klede til å sykle med og joggesko, og ein egna sekk til ekstra klede og litt mat og drikke. 
Alle må ha hjelm (kan leies her: https://www.bikeandhike.no/booking). 

Sjå meir om kappleiken her:
https://www.landskappleiken.no/

Velkomen på ei akustisk og elektrisk sykkeloppleving!

Ørjan og Tesso

Quantity:
Bestill din sykkeltur her!