Skiteknikk høgfjelL

OI000959.jpg
Tusen takk for opplevelserike dager på intro rando- og skredkurs. Lærerikt kurs med dyktige instruktører. Super kombinasjon av teori og praktisk læring i sjoggen! Vi har storkost oss!
— Liss, kursdeltakar.

Vil du spisse skiteknikken både oppover og nedover inn mot topptursesongen? Skiturar i høgfjellet tek tid og krefter, og mange ønskjer betre teknisk og fysisk overskot til å nyte snøen og skikjøringa best mogleg. Denne helga øver vi på å kjøre trygt og rasjonelt, og på å forstå dynamikken i ein godt utført sving, på ulike typer snø. Kurset passar deg som har grunnleggjande erfaring med vinterfjell og alpint turutstyr, t.d vårt «Intro rando og skredkurs». Vi brukar to dagar på ski, der vi leiter opp god og dårleg snø, øver på å håndtere ski i mykje forskjellig terreng og gjev deg eit godt utganspunkt for sjølv å kunne trene meir gjennom vinteren. Vær og føreforhold bestemmer turmål, der egentrening og erfaringsutveksling vil være prioritert. Det er også mogleg med ein dag i skiheis dersom ønskjeleg. Perfekt for vennegjeng eller firma som ønskjer å gå t.d Høgruta i Jotunheimen. På ettermiddag kan vi trene med sender/mottager eller hoppe i varm badestamp under Besseggen og stjernehimmelen, medan GJENDESHEIM TURISTHYTTE førebur middag med god mat og drikke frå lokale leverandører. 

DU kan leie alt av skiutstyr, skredutstyr og hjelm på Gjendesheim. (Hugs å oppgje skostr. og skilengde)

PAKKETILBOD OG BOOKING

Kurset går over 2,5 dag, med alle måltider, nistepakke og overnatting i to døgn på firemannsrom på Gjendesheim. Middag på Bessheim Turisthytte etter avslutta kurs er inkludert, samt tilgang på dusj før heimreise. Drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

Pris for kursa våren 2019: 5290,-

Booking og spørsmål om kost og losji per e-post til: gjendesheim@turistforeningen.no 
NB! oppgi dato og kursnavn i kommentarfeltet, og evt høgde, vekt og skostørrelse ved behov for utstyrsleige

PROGRAM: Skiteknikk i høgfjellet

Justeringar kan oppstå undervegs.

OI000960.jpg

Dag 1

0800 - 0845: Frokost/nistesmøring. Kursstart.

0945-09.00: Utlevering og tilpassing av leieutstyr. Dagens turmål.

10.00-17.00: Turteknikk. Hensiktsmessig skiutstyr. Framdrift. God skiteknikk oppover/nedover. Teknisk/fysisk overskot og rasjonell energibruk. Svingdynamikk og svingbue. Skia som gass og brems/fartskontroll. Vegvalg og sikkerheitsmarginar.

1700-1855: Badestampen er varm!  (Ikkje alle arrangementa inkluderer badestamp.)

1800 -1900: Middag av lokale råvarer.

2000-ca 2230: Oppsummering av dagen. Planlegge neste dag. Sosialt samvær.

Dag 2

0800 - 0845: Frokost/nistesmøring

0845 - ca 1630: Ut på dagstur. Praktiske øvingar undervegs. Effektiv turteknikk/problematisering. Lunsjgrop. Framdrift, plan A eller B? Kor finn vi beste snøen, og kvifor? Å finne god skikjøring er hovedfokus for dagen.

1700-1855: Badestampen er varm!  (Ikkje alle arrangementa inkluderer badestamp.) /Evt avreise.

1900 - 2030: Middag av lokale råvarer med god drikke til.

Dag 3

Dagen disponeres fritt av deltagere til eiga tur og egentrening, med turtips frå GJENDEGUIDEN.

 Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

 Gjendesheim i Jotunheimen er base for vinterkursa våre. 

Gjendesheim i Jotunheimen er base for vinterkursa våre. 

utstyrsliste

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.

Som eit minimum skal følgjande være med på våre kurs:

  • Sender/mottakar (kan leigast på Gjendesheim)
  • Spade (kan leigast på Gjendesheim)
  • Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)
  • Solbriller og solkrem (min. faktor 20)
  • Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.
  • Skihanskar/ekstra votter/lue/buff
  • Termos og drikkeflaske
  • Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)
  • Feller
  • Stavar, helst med lengdejustering.
  • Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

Dersom dykk har, ta også med:

  • Vindsekk eller jervenduk
  • Liggeunderlag
  • Badebukse/badedrakt til stampen. (NB! Ikkje stamp på alle kurs)
  • Sengesett/sovepose/lakenpose (kan leigast på Gjendesheim)
  • 1:50 000 kart over Gjendesheim + Bessheim. Kan skrive ut dette her: http://kartverket.no/Kart/Turkart/lag-turkart-for-utskrift/
  • Vi anbefalar hjelm, men vi har ikkje krav om dette!          (kan leigast på Gjendesheim)
  • Enkelt fyrstehjelpssett

 

TRANSPORT

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Dersom nokon av dykk har plass i bilen oppover, så send gjerne ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så kan fleire køyre saman. 

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente....

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN

http://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Jotunheimen/

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO