INTRO SKRED OG RANDONEE 2,5 dag


 Hensiktsmessig bruk av utstyret går som ein raud tråd gjennom kurset. Her gjer vi oss klare for nedkjøring, etter å ha bauta oss opp i terrenget. Veit du ikkje kva baute er? Du lærer det på kurset!

Hensiktsmessig bruk av utstyret går som ein raud tråd gjennom kurset. Her gjer vi oss klare for nedkjøring, etter å ha bauta oss opp i terrenget. Veit du ikkje kva baute er? Du lærer det på kurset!

Tusen takk for opplevelserike dager på intro rando- og skredkurs. Lærerikt kurs med dyktige instruktører. Super kombinasjon av teori og praktisk læring i sjoggen! Vi har storkost oss!
— Liss, kursdeltakar.

Velkomen til vårt populære "Intro rando og skredkurs", og til ei innhaldsrik helg på Gjendesheim i magiske Jotunheimen! 


Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi vil lære deg grunnleggjande bruk av slik utstyr, og ei grunnleggjande innføring i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å få gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev gode forhold for eit godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang dag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Gjendesheim Turisthytte. Inviter med ein ven, så har du nokon å gå på tur med etter kurset, til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

PAKKETILBOD OG BOOKING

Kurset går over 2,5 dag, med alle måltider, nistepakke og overnatting i to døgn på firemannsrom på Gjendesheim. Middag på Bessheim Turisthytte etter avslutta kurs er inkludert, samt tilgang på dusj før heimreise. Drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

Pris for kursa våren 2019: 5290,-

Booking og spørsmål om kost og losji per e-post til: gjendesheim@turistforeningen.no 
NB! oppgi dato og kursnavn i kommentarfeltet, og evt høgde, vekt og skostørrelse ved behov for utstyrsleige

PROGRAM: INTRO SKRED OG RANDONEE

Justeringar kan kome undervegs.

 Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden.

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden.

Dag 1

1800 -1900 Middag av lokale råvarer. Serveres ved ankomst Gjendesheim.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i kjellarstue.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Litt om skiutstyr.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

 Dag to foregår utandørs i verdas beste klasserom.

Dag to foregår utandørs i verdas beste klasserom.

Dag 2

0800 - 0845 Frokost

0845 - ca 1630 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Problematisering og erfaringsbaserte løysingar. Lunsjgrop undervegs.

1700-1855 Badestampen er varm!        (NB! Ikkje lov med medbrakt alkohol i stampen, men open bar!) Ikkje alle arrangementa inkluderer badestamp.

1900 - 2030 Middag av lokale råvarer med god drikke til.

2030 Avslapping i peisestue med litt sosialt og fagleg påfyll.

 Dag tre utandørs for å trene og diskutere.

Dag tre utandørs for å trene og diskutere.

Dag 3

0800 - 0900 Frokost

0900 - 1500 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Gjennomgang av ulike scenarier og metoder. Lunsjgrop undervegs.

14.00 Oppsummering og evaluering

15.00 Vel heim, og køyr forsiktig!

UTSTYRSLISTE

 Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

 Gjendesheim i Jotunheimen er base for vinterkursa våre.

Gjendesheim i Jotunheimen er base for vinterkursa våre.

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.

Som eit minimum skal følgjande være med på våre kurs:

  • Sender/mottakar (kan leigast på Gjendesheim)

  • Spade (kan leigast på Gjendesheim)

  • Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)

  • Solbriller og solkrem (min. faktor 20)

  • Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.

  • Skihanskar/ekstra votter/lue/buff

  • Termos og drikkeflaske

  • Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)

  • Feller

  • Stavar, helst med lengdejustering.

  • Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

Dersom dykk har, ta også med:

  • Vindsekk eller jervenduk

  • Liggeunderlag

  • Badebukse/badedrakt til stampen. (NB! Ikkje stamp på alle kurs)

  • Sengesett/sovepose/lakenpose (kan leigast på Gjendesheim)

  • 1:50 000 kart over Gjendesheim + Bessheim. Kan skrive ut dette her: http://kartverket.no/Kart/Turkart/lag-turkart-for-utskrift/

  • Vi anbefalar hjelm, men vi har ikkje krav om dette! (kan leigast på Gjendesheim)

  • Enkelt fyrstehjelpssett

TRANSPORT

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Gjendesheim via Heidal/Vågå og inn Sjodalen. Ca 5,5 t frå Oslo.

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokon tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN. AKTIV FRÅ 1.DESEMBER 2018

http://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Jotunheimen/

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO (Kun aktiv i perioden Desember til Mai)