Har du prøvd stisykling?

Vi vedgår det gjerne! Stisykling er ein fantastisk måte å utforske fjellheimen og oppleva  kulturlandskapet i Gudbrandsdalen på.  I Vågå, Sjodalen og Jotunheimen har vi eit tørt innlandsklima som gjev oss stigar med særs god kvalitet og tåleevne. GJENDEGUIDEN leiger ut solide fulldempa terrengsyklar frå lokalet vårt i Vågå og frå Gjendesheim Turisthytte. Du kan leige kun sykkel og utforske Ottadalen på eiga hand, eller du kan gjere ferien enno betre: Bli med GJENDEGUIDEN på guida stisykkeltur i eventyrleg høgfjellsmiljø eller i kulturbygda Vågå. Du vil bli overraska, sveitt, glad og hekta!

 
_V3A3606.jpg

Naturen, kulturen og deg!

Mange tenkjer at stisykling med terrengsykkel er vanskeleg og tungt, men GJENDEGUIDEN har alltid turbrillene på! Vi tilpassar oss ditt nivå, legg opp turen etter dine ønskje, og fokuserar på mestring og gode opplevingar! PS! Vi tar ofte pausar....

_V3A6208.jpg

Stisykkel+Jotunheimen=sant

Vi i GJENDEGUIDEN likar å utfordre både oss sjølve og gjestane våre. Til naturglade gjestar kan vi legge opp hytte-til-hytte-turar med terrengsykkel i Jotunheimen, Sjodalen og Valdresflya. Lengde og nivå kan du bestemme, men det ligg i korta at dette er turen for deg som ikkje er redd for å bli sveitt på ryggen, og som likar lange dagar ute! Bonus er tre retters middag og god søvn.....!

_V3A4398.jpg

jenter på hjul

I løpet av året har GJENDEGUIDEN mange turglade jenter og damer med seg på kurs og turar, hovesakeleg på vinteropplegg i Jotunheimen. Med vårt nye tilbod "Jenter på hjul" vil vår dyktige vegleder og stisykkelentusiast Mali inspirere enda fleire jenter til å la bilen stå! Med fulldempa stisyklar i eventyrleg og variert   kulturlandskap vil du oppleva ekte Vågåsommar og berusande mestringskjensle! 


gRENDARODEO I VÅGÅ

Det går gjetord om GRENDARODEOEN vår vidt omkring! Gjennom rekordvinteren 2018 etablerte nyskapinga GRENDARODEO seg som eit triveleg og sosialt prosjekt for både bygdafolk og tilreisande. Vi gjekk og kjørte på ski i nærmiljøet for å bli betre kjent med alle perlane i eventyrbygda Vågå. Gjennom sommaren fortset vi med GRENDARODEO på sykkel. Vi tek sjølsagt omsyn til både ku og sau, og andre vi møter på vår sti. Det er tross alt beitedyra og gardbrukarane som held kulturlandskapet levande for oss! 

Velkomen til KULTURSYKLING med GJENDEGUIDEN!

_V3A4426.jpg

når?

Mandagar kl. 19.00,  sykkelprat frå 18.30!
NB! Fint om du trykker"SKAL"på det fb-arrangemnetet du ønskjer være med på seinast dagen før! Inviter med deg ein venn og sjå bygda di frå sykkelsetet! 

_01 Hovedbilde halvdagstur.jpg

kvar?

Oppmøte i Gjendeguiden sine lokalar, Moavegen 1, Vågå sentrum. Vi avtalar evt samkjøring her. Reserver stisykkel til Gjendeguiden@gmail.com dagen før. Oppgi kroppslengde ved påmelding. 

_V3A5797.jpg

KORLEIS?

Rodeo: kr.50,- pr.rodeo/sesong kr. 600,- (15.05-15.09) Sykkelleie: Fulldempa stisykkel kr. 600,- Alle må ha egen hjelm! Vi anbefaler kne- og albogebeskyttere.
Bruk gjerne VIPPS!