Har du prøvd stisykling?

Vi vedgår det gjerne! Stisykling er ein fantastisk måte å utforske fjellheimen og oppleva  kulturlandskapet i Gudbrandsdalen på.  I Vågå, Sjodalen og Jotunheimen har vi eit tørt innlandsklima som gjev oss stigar med særs god kvalitet og tåleevne. GJENDEGUIDEN leiger ut solide fulldempa terrengsyklar frå lokalet vårt i Vågå og frå Gjendesheim Turisthytte. Du kan leige kun sykkel og utforske Ottadalen på eiga hand, eller du kan gjere ferien enno betre: Bli med GJENDEGUIDEN på guida stisykkeltur i eventyrleg høgfjellsmiljø eller i kulturbygda Vågå. Du vil bli overraska, sveitt, glad og hekta!

 
_V3A3606.jpg

Naturen, kulturen og deg!

Mange tenkjer at stisykling med terrengsykkel er vanskeleg og tungt, men GJENDEGUIDEN har alltid turbrillene på! Vi tilpassar oss ditt nivå, legg opp turen etter dine ønskje, og fokuserar på mestring og gode opplevingar! PS! Vi tar ofte pausar....

_V3A6208.jpg

Stisykkel+Jotunheimen=sant

Vi i GJENDEGUIDEN likar å utfordre både oss sjølve og gjestane våre. Til naturglade gjestar kan vi legge opp hytte-til-hytte-turar med terrengsykkel i Jotunheimen, Sjodalen og Valdresflya. Lengde og nivå kan du bestemme, men det ligg i korta at dette er turen for deg som ikkje er redd for å bli sveitt på ryggen, og som likar lange dagar ute! Bonus er tre retters middag og god søvn.....!

_V3A4398.jpg

jenter på hjul

I løpet av året har GJENDEGUIDEN mange turglade jenter og damer med seg på kurs og turar, hovesakeleg på vinteropplegg i Jotunheimen. Med vårt nye tilbod "Jenter på hjul" vil vår dyktige vegleder og stisykkelentusiast Mali inspirere enda fleire jenter til å la bilen stå! Med fulldempa stisyklar i eventyrleg og variert   kulturlandskap vil du oppleva ekte Vågåsommar og berusande mestringskjensle! 


gRENDARODEO I VÅGÅ

Det går gjetord om GRENDARODEOEN vår vidt omkring! Gjennom rekordvinteren 2018 etablerte nyskapinga GRENDARODEO seg som eit triveleg og sosialt prosjekt for både bygdafolk og tilreisande. Vi gjekk og kjørte på ski i nærmiljøet for å bli betre kjent med alle perlane i eventyrbygda Vågå. Gjennom sommaren fortset vi med GRENDARODEO på sykkel. Vi tek sjølsagt omsyn til både ku og sau, og andre vi møter på vår sti. Det er tross alt beitedyra og gardbrukarane som held kulturlandskapet levande for oss! 

Velkomen til KULTURSYKLING med GJENDEGUIDEN!

_V3A4426.jpg

når?

Mandagar kl. 19.00,  sykkelprat frå 18.30!
NB! Fint om du trykker"SKAL"på det fb-arrangemnetet du ønskjer være med på seinast dagen før! Inviter med deg ein venn og sjå bygda di frå sykkelsetet! 

_01 Hovedbilde halvdagstur.jpg

kvar?

Oppmøte i Gjendeguiden sine lokalar, Moavegen 1, Vågå sentrum. Vi avtalar evt samkjøring her. Reserver stisykkel til Gjendeguiden@gmail.com dagen før. Oppgi kroppslengde ved påmelding. 

_V3A5797.jpg

KORLEIS?

Rodeo: kr.50,- pr.rodeo/sesong kr. 600,- (15.05-15.09) Sykkelleie: Fulldempa stisykkel kr. 600,- Alle må ha egen hjelm! Vi anbefaler kne- og albogebeskyttere.
Bruk gjerne VIPPS!


Velkomen på KURS - intro stisykling!

Vil du prøve stisykling? Eller vurderar du kanskje å kjøpe deg stisykkel? Da kan det vere lurt å vere med GJENDEGUIDEN ei helg fyrst! Denne langhelga vil du lære mykje om stisykling, og du vil forstå kvifor stisykling er ein så fantastisk flott måte å oppleva både natur og kulturlandskap på!

Du bør ha sykla litt på terrengsykkel tidligare, men du treng ikkje ha sykla så mykje sti. Det er ein fordel med fulldempa stisykkel. Dersom du ikkje har eigen fulldempa sykkel, så kan du leige dette hjå oss.

 

GLED DEG! VI BUR PÅ EVENTYRGARDEN GAMMEL-KLEPPE I VÅGÅ HEILE HELGA!

Tun fra Bolstadstugu-taket.jpg

 

GAMMEL-KLEPPE er eit staseleg og særs velholdt gardshotell i Vågå, eventyrleg plassert øvst i Sjårdalen, og difor eit flott utgangspunkt for våre turar på stisykkel. Med laftahus frå 1700-talet, og eit flott inntun lagar garden ei fin ramme for sykkelhelga vår! Her står syklane våre trygt, og vi kan både reparere og vaske syklar etter behov!

Du får tre innhaldsrike sykkeldagar med GJENDEGUIDEN tilpassa ditt nivå, og vi gler oss på å vise deg varierte stigar i skogen, på snaufjellet og i det velpleia kulturlanskapet rundt om i Vågå. Etter sykkelturane ventar vedfyrt badstu og leskande drikke, så du får orden på litt støl muskelatur. Om kvelden etter middag blir det alltid god stemning på Gammel-Kleppe, med peiskos, oppsummering av dagen og kanskje litt sjølvskryt. 

I tillegg byr Gammel-Kleppe på gode matopplevingar og fantastiske overnattingsfasalitetar! Du vil få ei innhaldsrik helg, nye sykkelvener og ein flott introduksjon til stisykling i Vågå.

Med GJENDEGUIDEN er turopplevinga alltid fyrsteprioritet. Kanskje er det difor så mange gjestar kjem attende til oss på kurs og turar?

 

PROGRAM - INTRO STISYKLING 21-23.september

Fredag:

-13.00 Oppmøte og presentasjon.

Utlevering av evt. leigesyklar.

-14.00 Lett tur i nærområdet, tilpassing av utstyr.

-17.00 Enkel fyrstehjelp tilpassa stisykling.

-19.00 Middag og peiskos. Heimelaga haustsuppe og rundstykker.

Avslapping og førebuing til neste dag.

Laurdag:

-08.00 Frokost i hovedhuset.

-09.00 Kultursykling med utgangspunkt frå Gammel Kleppe.

Ca 12.00 Lunsj.

-15.00 Attende på Gammel Kleppe for vask og vedlikehald.

-16.00 Badstua er varm.

-19.00 3 rettars middag av lokale råvarer.

Avslapping og førebuing til neste dag.

Sundag:

-08.00 Frokost i hovedhuset + utpakking frå rom.

-09.00 Kultursykling med utgangspunkt frå Gammel Kleppe.

Ca 12.00 Lunsj.

-14.00 Vask og vedlikehald.

-14.30 Avslutning og oppsummering.

Heimreise (Endringar i program kan kome)

PRIS

Langhelg Intro stisykling m/kost og losji,

21-23 september: kr. 6850,-

UTSTYR:

Du må stille med følgjande:

- Hjelm.

- Sykkel (Vi har fulldempa stisyklar til utleige, mot eit tillegg på 1500,- for heile helga. Det er ikkje klikkpedalar på utleigesyklane, så ta med egne dersom du vil bruke dette)

- Sekk.

- Drikkeflaske.

- Klær tilpassa årstida.

- Pumpe.

- Ekstra slange i riktig dimensjon.

- Shorts/badedrakt til bruk i badstua.

 

Vi stiller med:

- Diverse verktøy

- Fyrstehjelpsutstyr

MAT:

Vi nyttar lokale råvarar så langt vi klarar for di matoppleving! Du vil bli glad, god og mett, og klar for nye eventyr på sykkelsetet.

NB! Dersom du har allergiar, gje beskjed om dette ved påmelding!

TRANSPORT:

-Gammel Kleppe ligg i Vågå kommune, midt i Nasjonalparkriket og ved foten av Jotunheimen

-Vi har lagt opp arrangementet slik at det korresponderar med toget som går frå Oslo fredag kl 08.02, med bytte til buss på Otta og ankomst Vågå kl 12.26. Søndag retur med buss frå Vågå kl 15.40, tog frå Otta, med ankomst Oslo kl 20.04.

-NB! Transport bestiller og betalar du sjølv!

-Dersom du ynskjer å reise frå andre destinasjonar, så finn du transportalternativ på www.entur.no

-I utgangspunktet vil dei fleste sykkelturane starte og ende opp på Gammel Kleppe, men deltakarane må være forberedt på at vi transporterar oss til andre stiar dersom det skulle bli behov for dette. Vi prøvar å samkjøre best mogeleg, slik at vi sparar miljø og utnyttar ressursane best mogeleg.

PÅMELDING HER!