GE RGB Positiv-liggende.png

INVITERAR DEG MED PÅ BESSEGGEN SAMAN MED GJENDEGUIDEN

Gå Besseggen med Gudbrandsdal Energi
849.00 999.00
Dato:
Quantity:
LEGG I HANDLEKORG

 BESSEGGEN - EIN FJELLTUR I VERDENSKLASSE?  

"Vi går den gjerne saman med deg....."

Alle har høyrt om den, mange har gått den, og mange fleire drøymer om å gå den! Besseggen er fyrst og fremst ein fantastisk flott fjelltur, med utsikt til store delar av Jotunheimen og mange av Jotunheimen sine stortoppar på over 2000 moh. Besseggen er fjellryggen som ligg mellom fjellvatnet Gjende på 984 moh i sør, og Besshø (2258moh) og Bessvatnet på 1374 moh på nordsida. På «bandet», det smalaste partiet mellom vatna, er det berre nokre få meter som hindrar Bessvatnet i å renne over og stupe nesten 400 meter rett ned i Gjende!

Besseggen er kjent fra «Bukkerittet» i Henrik Ibsens sitt skuespill Peer Gynt. Her prøver mellom anna Peer å overbevise mor Åse, om at han har ridd over «Gjendineggen», altså Besseggen, på en reinsbukk. På eggen oppover frå «Bandet» er det bratt og luftig, men likevel god plass til både hender og føter i dei brattaste kneikane. På tur med GJENDEGUIDEN over Besseggen får du god hjelp både før og under turen, og vi deler gode historiar frå livet i fjellet.

Les korleis Rob Slade frå Wired for adventure skildra turen hausten 2017 HER.

KVA ER INKLUDERT?

Båtbillett og ein heil dag med førar.

SESONG:

Sommarsesongen på Besseggen er frå juni til oktober.

TRANSPORT:

Kjem du med bussen, så går den heilt ned til oppmøtestaden.

Sjekk om det er buss som korresponderar her: ENTUR

PARKERING

Parkering gjer ein på Reinsvangen, og frå der går det buss, ein kan leige sykkel eller gå. Meir info PARKERING

OPPMØTE

Oppmøte til turen er på brygga ved Gjendeosen kl 0930

VARIGHET

Varigheten på turen er 8-10 timar. Dersom du synes vi går sakte, så er det mulig å fortsette på eigenhand. Ein fortsett då på eiget ansvar, og vil ikkje få refundert noko etter turen.

FAKTA OM TUREN

Ca 60 000 går den kvart år.

Lengda på turen er 14 km

Stigning på 1100 meter.

Det er mulig å fylle drikkeflaska undervegs.

Meir informasjon sjekk BESSEGGEN TURISME

 PAKKELISTE

Gjendeguiden går Besseggenpatrulje fleire ganger i veka, og ser ofte folk med lite utstyr. Vi har laga eit forslag til kva ein bør ha med seg på den 8-10 timer lange turen over Besseggen. (14 km og 1100 høgdemeter)

-       Vind- og vanntett jakke og bukse

-       Ullundertøy

-       Votter

-       Lue

-       Gode fjellsko

-       Sekk (Ca 35 liter anbefales)

-       Kart og kompass/GPS

-       Førstehjelpsutstyr

-       Solbriller

-       Drikkeflaske som fylles undervegs.

-       Niste for 7-9 timars tur.

-       Litt godteri/sjokolade for humøret.

-       Kamera for bevisbildet som deles på #besseggen #utno #vågå #sjodalen