TOPPTURKURS I JOTUNHEIMEN 2,5 dag


Hensiktsmessig bruk av utstyret går som ein raud tråd gjennom kurset. Her gjer vi oss klare for nedkjøring, etter å ha bauta oss opp i terrenget. Veit du ikkje kva baute er? Du lærer det på kurset!

Hensiktsmessig bruk av utstyret går som ein raud tråd gjennom kurset. Her gjer vi oss klare for nedkjøring, etter å ha bauta oss opp i terrenget. Veit du ikkje kva baute er? Du lærer det på kurset!

Tusen takk for opplevelserike dager på intro rando- og skredkurs. Lærerikt kurs med dyktige instruktører. Super kombinasjon av teori og praktisk læring i sjoggen! Vi har storkost oss!
— Liss, kursdeltakar.

Velkomen på vårt populære toppturkurs , og lærerike dagar i magiske Jotunheimen! Dette er det samme kurset som tidligare heitte "Intro rando og skredkurs".


Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? GJENDEGUIDEN har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyri, i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å få gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av GJENDEGUIDEN. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev gode forhold for eit godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang dag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Lemonsjøen Skisenter, Gjendesheim Turisthytte eller Sporten på Beitostølen.

Inviter med ein ven, så har du nokon å gå på tur med etter kurset, til du er klar for neste kurssteg med GJENDEGUIDEN.

PAKKETILBOD OG BOOKING

Kurset går over 2,5 dag, med alle måltider, nistepakke og overnatting i to døgn på firemanns rom/hytte. Middag etter avslutta kurs er inkludert. Drikke og evt utstyrsleige kjem utanom.

Kurspris vinter/vår 2020:

Toppturkurs Lemonsjøen, Jotunheimen
5,490.00
Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS
Toppturkurs Gjendesheim, Jotunheimen
5,490.00
Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS
Toppturkurs Grønolen, Beitostølen
6,290.00
Dato:
Quantity:
BESTILL DITT TOPPTURKURS

PROGRAM: TOPPTURKURS

Justeringar kan kome undervegs.

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden.

Gjennomgang av utstyr fyrste kvelden.

Dag 1

1800 -1900 Middag av lokale råvarer. Serveres ved ankomst på kursstaden.

1930-2000 Gjeld Gjendesheim:Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i kjellarstue.

Lemonsjøen og Beitostølen: Dette må den enkelte ordne på førehand.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Litt om skiutstyr.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

Dag to foregår utandørs i verdas beste klasserom.

Dag to foregår utandørs i verdas beste klasserom.

Dag 2

0800 - 0845 Frokost

0845 - ca 1630 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Problematisering og erfaringsbaserte løysingar. Lunsjgrop undervegs.

1700-1855 Dusj, refleksjon og egentid.

1900 - 2030 Middag av lokale råvarer med god drikke til.

2030 Avslapping i peisestue med litt sosialt og fagleg påfyll.

Dag tre utandørs for å trene og diskutere.

Dag tre utandørs for å trene og diskutere.

Dag 3

0800 - 0900 Frokost

0900 - 1500 Ut på ski. Praktiske øvingar ute i fjellet. Gjennomgang av ulike scenarier og metoder. Lunsjgrop undervegs.

14.00 Oppsummering og evaluering

15.00 Middag med lokale råvarer

1600 Vel heim, og køyr forsiktig!

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

LEMONSJØEN/GJENDESHEIM:

For vinteren 2020 så jobbar vi med å få satt opp buss mellom Otta og Lemonsjøen/Gjendesheim, som korresponderar med toget på Otta.. Dette er ikkje avklart pr i dag, men vi legg ut informasjon så snart dette er klart.

Ved bruk av tog eller buss til Gjendesheim så får du Grønt kort til ein verdi av 100,- i resepsjonen på Gjendesheim ved ankomst. Les meir om ordninga her: https://gjendesheim.dnt.no/grontkort/

BEITOSTØLEN

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! De må køyre til Gjendesheim Turisthytte og Lemonssjøen Fjellstue via E6 Heidal/Vågå og til Grønolen Fjellgard via Beitostølen. Finn kjørerute på Statens Vegvesen si heimeside www.vegvesen.no

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokre tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO