GUIDA TURAR MED LÅGE SKULDRE

På tur i lag med Gjendeguiden set vi stoppeklokka på pause, let praten gå, og legg opp dagen etter sola og været.

Vi putter sjokolada, termosen og turutstyret i sekken - og rusler av garde medan praten går. Her er nokre smakebitar av kva radarparet Jotunheimen og Gjendeguiden har å by på.

I Gjendeguiden set vi turoppleving, sikkerheit og kvalitet fyrst. Vi går difor helst i små grupper på tur, og har maks 6 gjestar pr vegleiar på vinterturar og skiopplegg. På tur over Besseggen sommarstid tek vi større grupper og firma på førespurnad.

Det er særs viktig for oss at du som deltakar etter endt tur i lag med oss føler deg ivaretatt, har fått påfyll av kunnskap, ei god oppleving - og dreg heim med eit minne for livet.

Vår kompetanse - din opptur!

Logo_original negativ_Gjendeguiden-04.png
 
14522933_1291931590840949_767473456697666655_n.jpg

Sommar

Kurs:

Gjendeguiden tilbyr kurs i  generelt friluftsliv.

Føring og guiding:

Vi tilbyr føring over Besseggen og tek elles føring på førespurnad.

Stisykling:

Vi tilbyr stisykling for både små og store: Adrenalin, rekreasjon eller oppdagingsferd - valet er ditt. Vi syklar til og med frå hytte til hytte ei lita veke i strekk. Sjumilsstøvlane kan du sette igjen heime!

 

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-17.jpg

Vinter

Kurs:

Gjendeguiden held kurs i bruk av alpint turutstyr/randonee, skred og generelt friluftsliv vinterstid.

Føring og guiding:

Vi tilbyr føring over Besseggen vinterstid,  og tek elles føring på førespurnad.

Fatbike:

Med breie hjul og snøkrystallar som støtdemping syklar vi stiar og trakk på vinterstid.

 
tynn Stjernelinje_Gjendeguiden.png