Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

Ørjan går gjennom utstyr som bør vere i vintersekken din!

Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

Gjendesheim i Jotunheimen er base for dei fleste turane og kursa våre. Vi har og mogelegheit til å halde kurs andre plassar, på forespørsel.

DSC_0108.JPG

utstyrsliste

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.

Som eit minimum skal følgjande være med på våre turar :

  • Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

  • Egna turklede, ullundertøy, ullsokker + ekstra skift.

  • Vindtøy

  • Regntøy

  • Ull/fleecegenser eller tynn isolasjonsjakke.

  • Solbriller og solkrem (min. faktor 20)

  • Gode fjellsko

  • Lue

  • Buff

  • Termos og drikkeflaske

  • Stor matpakke

I tillegg skal følgande vere med på vinterturar/kurs:

  • Sender/mottakar (kan leigast på Gjendesheim)

  • Spade (kan leigast på Gjendesheim)

  • Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)

  • Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.

  • Skihanskar/ekstra votter/

  • Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)

  • Feller tilpassa dine ski.

  • Stavar, helst med lengdejustering.

  • Vi anbefalar hjelm, men vi har ikkje krav om dette! (kan leigast på Gjendesheim)

Dersom dykk har, ta også med:

 

TURPLANLEGGING

Eventyret endar best med god førebuing!

Viktige moment:

  • Sjekke værmelding og skredfarevarsel

  • Finne fram til aktuelle kartblad og kompass, og lære seg å bruke dette.

  • Planlegge ruta ein ønskjer å nytta.

  • Sjekke turutstyr, og evt reparere før turen startar.

  • Ha gode alternativ om noko skulle hende undervegs.

Foto: Gjendeguiden

Foto: Gjendeguiden

VÆRMELDING

Vi tilrår bruk av Meteorologisk Institutt si værtjeneste www.yr.no. Tenesta blir levert både som app og nettside, og den er gratis i bruk.

NB! Det er viktig å lese heile varselet, og ikkje bare sjå på symbola. Da får du betre bilde på korleis været kan utvikle seg. Her kan du og lese historikk på været attende i tid.                                         

Foto: Gjendeguiden

Foto: Gjendeguiden

SKREDVARSEL

Skredvarselet sjekkar du på NVE sine nettsider www.varsom.no

Tjenesten leveres både som app og nettside, og den er gratis å bruke.

Vi tilrår og at du lastar ned appen RegObs (Gratis), og sender inn relevante bilder og informasjon til dei som utarbeider skredvarselet.     

Foto: Kristoffer M Thuestad

Foto: Kristoffer M Thuestad

KART

Du kan laste ned gratis kart frå tjenestane til Statens Kartverk. 

Tjenestane leveres både som app, nettside, nedlasting til tlf og GPS. Du kan også printe ut eige kart over det området du skal på tur i.

NB! Ikkje tilpass utskrift til papirstørrelsen, og sjekk målestokken ved utskrift!