SKREDKURS 2,5 DAG


Måling av helling ved hjelp av ulike metodar, er noko ein lærer på kurset.

Måling av helling ved hjelp av ulike metodar, er noko ein lærer på kurset.

VELKOMMEN PÅ KURS

Ivrig på ski, men litt usikker på vegvalget?

Her får du ei intensiv innføring i skredlære som du kan bruke i turplanlegginga og undervegs på din neste topptur. På kurset vil du i småe grupper bli kjent med ulike verkty og metoder for å lære å planlegge og bevege deg tryggast mogleg i variert skiterreng. Du treng ingen forkunnskapar for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang dag. Kurset passar for alle som har interesse for vinterfjellet. Skiutstyr kan leigast. På dette kurset er det høgt læringstrykk både ute og inne, for at du skal få best mogleg utbytte! I tillegg får du super forpleining på Gjendesheim Turisthytte.

BOOKING

Skredkurs Gjendesheim, Jotunheimen
from 3,700.00
Dato:
Quantity:
BESTILL DITT SKREDKURS

PROGRAM SKREDKURS 2,5 dag

Mrk at det kan komme justeringar undervegs.

Instruksjon innendørs fyrste kvelden. Bli kjent med ulike digitale hjelpemiddel.

Instruksjon innendørs fyrste kvelden. Bli kjent med ulike digitale hjelpemiddel.

Dag 1

1800 -1900 Middag av lokale råvarer. Serveres ved ankomst Gjendesheim.

1930-2000 Reservert skiutstyr kan hentes før kursstart i kjellarstue.

2000 - ca 2230 Turplanlegging og skredvett teori. Alt frå utstyrsgjennomgang, planlegging av ruta, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, ulike testar og værfenomen du bør være obs på i forhold til skredfare.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart, så slepp alle andre vente på deg!

Alt frå utstyrsgjennomgang, planlegging av ruta, trygge vegvalg, bruk av varsom.no, ulike testar og værfenomen du bør være obs på i forhold til skredfare.


Dag to er vi ute i verdas beste klasserom.

Dag to er vi ute i verdas beste klasserom.

Dag 2

Etter ein god frokost kl 0800, der vi smører dobbel niste, er det klart for å ut i fjellet.

Dagen består av praktiske øvelsar ute i terrenget, der fokuset ligg i læring og praktisk tilnærming i forhold til skred og det å være på ein fjelltur på ski.

Kameratredning, trygge vegvalg og gjenkjenning av skredterreng er fokuset denne dagen. 

Vi er ute til ca 1630, litt avhengige av været, før vi trekker ned til Gjendesheim.

På dei kursa der det er badestamp, så vil denne være varm frå kl 1700, og ein kan kose seg her fram mot middagen. Viss ikkje det er stamp så er det triveleg å slappe av  i  peisestova fram til middag.

Kl 1900. Då blir det servert ein fantastisk tre rettars middag laga på lokale råvarer, med litt historie attåt.

Etter middag har vi det sosialt i kjellarstova, med litt film, foredrag, historiar etc.

Siste dagen foregår i sin heilheit ute.

Siste dagen foregår i sin heilheit ute.

Dag 3

Denne morgonen et ein ein god frokost kl 0800, smører ei god niste og pakkar seg ut av rommet sitt. 

0900 Vi reiser då til det området som vil gje mest læring ift sno og snodekke, og brukar dette som klasserom resten av dagen.

Dagen består av praktiske øvelser ute i terrenget, der fokuset ligg på snoprofil, caseløysing, sporvalg og litt repetisjon frå dagen før.

Dagen er lagt opp slik at vi avsluttar på Bessheim til ca kl 1500, og her får du servert ein middag av lokale råvarer, som du seint vil gløyme!

Det vil og være mogelegheit for å ta ein dusj på Bessheim.

VÆRVARSEL FOR GJENDESHEIM.

SKREDFAREVARSEL FOR JOTUNHEIMEN.

Denne tjenesten er levert av NVE sin varslingstjeneste VARSOM.NO

TRANSPORT

OFFENTLIG KOMMUNIKASJON

LEMONSJØEN/GJENDESHEIM:

Det er satt opp buss frå Otta til Gjendesheim nokon utvalgte helger i vinter, som korrespondrar med toget som kjem til Otta.

Her er datoer, og link til bestilling:

BEITOSTØLEN

Bruk den offentlige reiseplanleggeren ENTUR når du skal bestille reisa.

KJØRE EGEN BIL

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! De må køyre til Gjendesheim Turisthytte og Lemonssjøen Fjellstue via E6 Heidal/Vågå og til Grønolen Fjellgard via Beitostølen. Finn kjørerute på Statens Vegvesen si heimeside www.vegvesen.no

Den enkelte er ansvarlig for transport sjølv, men vi har nokre tips for å få til samkjøring:

- Vi anbefalar folk som skal delta å trykke SKAL på arrangementet på FB, for då kan deltakerane koordinere samkjøring i kommentarfeltet der.

- Dersom dere ikkje er på Facebook, så kan dere sende ein epost til gjendeguiden@gmail.com, så skal vi prøve å hjelpe.

NB! Tilpass avreise slik at du rekk kursstart 20.00! Alltid ergerleg å la dei andre sitte å vente, eller ikkje få med dere heile opplegget....