gjendeguiden vise deg vintervegen

I Gjendeguiden er vi samde om ein ting: Vinteren i Jotuneheimen er heilt konge. Anten du vil prøve Besseggen vinterstid, bestige ein topp eller to, leike deg på ski ned att eller lære om skredtryggleik. Gjendeguiden har kurs og turar for einkvar ambisjon. 

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

BESSEGGEN VINTERSTID

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang - kledd i hvitt? 
Opplev klassikeren Besseggen vinterstid. 55 000 går turen om sommaren, men på vinteren er det ikkje mange som tek turen.
Førar frå Gjendeguiden tek deg trygt opp eggen, etter anmarsj på fjellski, randonee eller splitboard frå Bessheim via Bessvatnet.

Mrk at turen er krevjande, ein er ute i 8-9 timar, går i underkant av 2 mil, og du bør ikkje ha høgdeskrekk.

For meir informasjon om når dei ulike turane våre går, sjekk ut aktivitetskalenderen.

Her kan du lese ein fin beskrivelse frå ein av kundane våre, som var med på tur i februar 2018. Trykk HER.

 

 
Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-16.jpg

KURS OG KOMPETANSEHEVING

Gjendguiden har vore ute mang ein vinterdag før - og kome heim att med mykje erfaring frå omgang med dypfryste kvitevarer oppunder Norges tak. Med base på ei av overnattingsbedriftene i Sjodalen byr vi ofte på kurs gjennom vinteren, med kompetente vegleiarar i Kong Vinter sitt eige klasserom. 

Introkurs skred og randonnée

Kursstad: Gjendesheim

Varigheit: 2 + 1/2 dag

Kurset er lagt opp med foredrag på Gjendesheim fredag kveld, og to dagar ute. Fredag går vi gjennom turplanlegging, skredtryggleik, ferdsel i vinterfjellet og litt om kva utstyr som er egna. 

Ein dag: Vi gjer om teorien frå fredagskvelden til praktiske øvingar og ferdsel ute i terrenget. Fokus på trygge vegvalg, snøkjennskap, og kameratredning.

Ein dag:  Vi går topptur/skitur i nærområdet, og søkjer mot dei områda som gjev oss best utbytte for læring. Her vil du få ei grundig innføring i bruk av alpint turutstyr, og korleis skiturar i høgfjellet både blir trygge og artige. Etter denne dagen vil du mestre vinterfjellet betre, og du vil ha eit godt grunnlag for å utvikle deg vidare på eiga hand eller saman med turvenane dine! 

På laurdag ettermiddag er du hjarteleg velkomen til afterski i vedfyrt badestamp under stjernane, før du inntek ein betre middag laga med lokale råvarer frå området.

Vi har alltid maks 6 deltakarar per vegeiar på våre kurs.

Vegleiarane du møter på våre vinterkurs har lang erfaring og kompetanse som dei ynskjer å dele med dykk. 

Meir info - klikk her

Påmelding - klikk her

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-24.jpg

Skredkurs i Jotunheimen

Kursstad: Gjendesheim.

Varigheit: 2 + 1/2 dag

Kurset er lagt opp med foredrag på Gjendesheim fredag kveld, der ein går gjennom turplanlegging, skredtryggleik, ferdsel og litt om utstyr. 

Laurdag går vi ut og gjer om teorien frå fredagskvelden til praktiske øvingar og ferdsel ute i terrenget. Fokuset er trygge vegvalg og kameratredning.

På laurdag ettermiddag er du hjarteleg velkomen til afterski i vedfyrt badestamp under stjernane, før du inntek ein betre middag laga med lokale råvarer frå området.

Søndag går vi ut og ser på ulike testar som gjennomføres for å sjekke skredfare, fortsett med trygge vegvalg og har ei oppsummering av kurset tilslutt.

Vi har alltid maks 6 deltakarar per vegeiar på våre kurs.

Vegleiarane du møter på våre vinterkurs har lang erfaring og kompetanse som dei ynskjer å dele med dykk. På alle skredkurs har vi instruktørar frå Skredgruppa Innlandet og/eller Alpin Redningsgruppe i Nord Gudbrandsdalen, eller førarar med tilsvarande kompetanse.

Meir info - klikk her

Påmelding - klikk her

 Kor bratt er det her?

Kor bratt er det her?

 Trening med S/M og kameratredning er ein viktig del av kurset.

Trening med S/M og kameratredning er ein viktig del av kurset.

 Vi viser ulike digitale hjelpemiddel.

Vi viser ulike digitale hjelpemiddel.

 Teknikktips når ein bautar seg oppover lia.

Teknikktips når ein bautar seg oppover lia.

 Ein blir kjent med utstyret sitt ila kurset.

Ein blir kjent med utstyret sitt ila kurset.

 Graving av snoprofil og registrering i RegObs er eindel av skredkurset.

Graving av snoprofil og registrering i RegObs er eindel av skredkurset.

 Vi tilstrebar kun 6 stk pr veiledar, for best læringsutbytte til den enkelte.

Vi tilstrebar kun 6 stk pr veiledar, for best læringsutbytte til den enkelte.

 Ute i verdas beste klasserom, med den største whiteboarden tilgjengeleg!

Ute i verdas beste klasserom, med den største whiteboarden tilgjengeleg!

 Kor bratt er 30 grader og korleis kan vi nytte ulike metodar for å finne ut av dette?

Kor bratt er 30 grader og korleis kan vi nytte ulike metodar for å finne ut av dette?

 Nedkjøring er og ein viktig del av kurset.

Nedkjøring er og ein viktig del av kurset.

 Varm stamp er godt etter ein dag utandørs!

Varm stamp er godt etter ein dag utandørs!

 Å lesa terrenget er viktig når ein er ute.

Å lesa terrenget er viktig når ein er ute.

 Vi har teori og eindel praktiske tips i kjellarstova den kvelden dere kjem.

Vi har teori og eindel praktiske tips i kjellarstova den kvelden dere kjem.

 Vi tilstrebar å bruke nærområdet ut frå Gjendesheim, så lenge forholda er gode nok for det.

Vi tilstrebar å bruke nærområdet ut frå Gjendesheim, så lenge forholda er gode nok for det.