Eventyr kjem i mange formar. 

Med GJENDEGUIDEN ventar opplevingar frå aller øvste hylle.

Med storslåtte Gjende og Jotunheimen som tumleplass og bakgard byr Gjendeguiden på fjelleventyret og seg sjølve. Slik at du får turopplevingar å leve lenge på!

Superduper guide med tålmodighet, kunnskap og humor! Vi følte oss trygge og godt ivaretatt. Rett og slett en fabelfantastisk tur som vi aldri glemmer!
— Tusen tusen takk, hilsen 3 glade trønderjenter :)

Gjendeguiden er eit selskap med turglade og lokalkjente fjellfolk frå Vågå, ved foten av Jotunheimen. Vi byr deg på oppturar til fots, på sykkel, på ski, og ved bål og fiskestang. Vi blir gjerne ditt stødige turfølge i vår leikegrind!

Gler oss til å vie deg det beste av Jotunheimen!

Helsing Ørjan, Knut-Erik, Marius og Harald

Svartkanne_original-speilvendtxtralitenfil_Gjendeguiden.png
 
 

La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet. 

KURS

Vil du lære meir om høgfjellet? Gjendeguiden hjelper deg gjerne.  Vi har god og variert kompetanse, og lang erfaring frå vegleiing  av grupper i høgfjellet.

Kursa våre er særs praktisk retta og foregår i eit vinterkledd høgfjellsterreng i Jotunheimen. På kurs med GJENDEGUIDEN vil du få meire kunnskap, gjere eigne erfaringar og vurderingar, og betre dine basisferdigheitar. Det vil gjera skituren din både tryggare og artigare. Å kose seg på tur er viktig, og på våre kurs legg vi opp til eit godt læringsklima der du som deltakar kan møte med låge skuldrer, uansett kva bakgrunn du har! 

Med Jotunheimen som verda beste klasserom, kan Gjendeguiden tilby kurs i turplanlegging, skredlære, vinterfriluftsliv, stisykling, padling og skikjøring,  Vi har kurs både med grupper og  enkeltpersonar. Vi vil gje deg kunnskap så du sjøl etterkvart kan mestre fjellet og gjere turane dine over og under tregrensa både tryggare og artigare.  

GUIDA TURAR

Gjendeguiden skreddersyr turen for deg. Vi byr på turar til fots, i kajakk, på sykkelsetet og ski etter ditt ynskje. Vi har gode samarbeidspartnere på overnatting og lokale matopplevingar, og legg gjerne opp ferdige pakker for deg og ditt følgje.

I tillegg arrangerer vi gruppeturar du kan melde deg på: Sjekk ut aktivitetskalenderen vår HER.

Som det heiter i fjelleventyret; Vil du vere med så heng på!

 

VEGLEIARAR

GJENDEGUIDEN sine lokalkjente vegleiarar har brei kompetanse og lang erfaring med undervisning og vegleiing i vinterfriluftsiv. På dei kursa og turane som omfattar skredlære, ferdsel i bratt lende og på isbre har veglederen naturlegvis naudsynt kompetanse for å håndtere desse elementa. I høgfjellet arbeidar GJENDEGUIDEN alltid med gode marginar med tanke på kursdeltakarane og eigen tryggleik!

Når gjestar spør kva dei kan nytte ein ekstra dag i Jotunheimen til, gjev svaret seg sjøl.
Oppdagingsferd med Gjendeguiden - til fots, på sykkel, i kajakk eller på ski!
— Marius Haugaløkken, hyttevert på Gjendesheim Turisthytte
 
 
Svartkanne_original-xtralitenfil_Gjendeguiden.png
 

HELS PÅ GjendeguideN

 

Vi som står bak Gjendeguiden er ein friluftsinteressert gjeng som gjerne vil vise deg godbitane i Jotunheimen med låge skuldre! Vi har alle brei og lang erfaring innan ulike formar for friluftsliv - og kjenner mange av fjella kring Gjende like godt som vår eiga lomme. 

Stopp klokka - start eventyret! 

På tur med  Gjendeguiden går vi ikkje etter klokka! Vi legg sjokolada, termosen og matpakka i sekken - og ruslar avgårde..... 

 
 
_V3A4405.jpg

ØRJAN VENÅS

Dagleg leiar i Gjendeguiden.

Oppvaksen i høgfjellsnære Seljord er telemarkingen Ørjan langt over middels interessert i alt som er kvitt og kaldt. Ørjan er frelst fjellfant som har kjørt på telemark siden han kun var en stubbe stor og nyttar naturen døgnet rundt i jobb og fritid - sommar som vinter.  Ørjan har slått seg ned i Vågå med samboer og to barn, og for tida leiar han Skredgruppa Innlandet i Røde Kors.

Ørjan har brei erfaring frå vinterfriluftsliv og snøskred gjennom sin tidligare jobb i Forsvaret. Bla som instruktør på skredkursa til Forsvarets Vinterskole, samt ute i ulike avdelingar og firma. I tillegg har han skredobservatørkurs i regi av NVE, lang erfaring med skredkurs og foredrag, og har vore høgt og lågt i Røde Kors sidan tidlig nittitalet.

I sykkelmekkaet Vågå har Ørjan fått ein ny lidenskap: Stisykling. Knusktørre stiar, levande kulturlandskap, spektakulært høgfjell og terreng for eit kvar nivå byr i sum på unike opplevingar som Ørjan veldig gjerne vil ta deg med på.   

Me røast!

 
_V3A6798.jpg

KNUT-ERIK TESSNES

Leirskulelærar og Gjendeguide.

I fjellbygda Vågå bur Knut-Erik.  Knut-Erik er leirskulelærar på Jotunfjell leirskole oppunder Galdhøpiggen, og aktiv medeigar i Gjendeguiden. Før det hadde han spesialbutikken Besseggen Fjellsport i Vågå i fleire år.

Som leirskolelærer og vegleder i friluftsliv i over 25 år har Knut-Erik lang erfaring med føring og kurs av grupper i høgfjellet, både i Jotunheimen og andre fjellområder. Han er ein ski- og fjellentusiast som trivst aller best når han får vise andre kva gledar og kvaliteter Jotunheimen har å by på.

Gjendeguiden har overtatt dei trivelege lokala til Besseggen Fjellsport midt i Vågåmo sentrum, og her kan ein fortsatt få turtips, reparasjon eller tilpassing av utstyret. Blir du med Gjendeguiden på tur og ønskjer kjøpe eller leie stisykkel, havkajakk eller alpint turutstyr, så er utstyret håndplukka av Knut-Erik. Dessutan er det kun her du får kjøpt den originale PRAXIS HØGRUTASKIA, det einaste verktyet du treng på beina vinterstid i Jotunheimen!

Oss pratast!

 
4B2A0106.jpg
 

HARALD RUNE ØVSTEDAL

Skippar på Gjende, snikkar i bygda og fjellfrelst grunnlegger av Gjendeguiden. 

Harald er født og oppvaksen på Gjende i Jotunheimen. Her driv han Gjendebåten som kvart år fraktar over 60.000 fotturistar inn i hjartet av Jotunheimen med båt.

Harald vart biten av toppturbasilla i vaksen alder, men har alltid vore interessert i fisking og anna friluftsliv i fjellet. Kring fjellvatnet Gjende er han lommekjent, og han har vore til topps på alle fjell du kan sjå når du tek båten innover det irrgrønne fjellvatnet.

I Vågå Røde Kors har Harald vore aktiv i ei årrekke. Han har god kompetanse på fyrstehjelp og har vore med på mange redningsaksjonar i fjellheimen. Blir du med Gjendeguiden tek du ingen slik risiko.

Oss tållåst!

 

MARIUS HAUGALØKKEN

Hyttevert, stisyklist, jeger og stisykkelfrelst grunnlegger av Gjendeguiden.

Trebarnsfar med tusen jern i ilden og brennande entusiasme for å få gjestar på Gjendesheim ut og opp i Jotunheimen. Som vert på DNT si største hytte med 20.000 gjestar i året guidar ikkje Marius turar sjølv - men tek du ein prat med han på Gjendesheim så sitt turtips laust.

Vi mistenker faktisk at Marius aller helst ville brukt sommaren på eit stisykkelsete i eventyrlege Sjodalen - trakkande frå seter til seter gjennom lys levande kulturlandskap. Bli med Gjendeguiden på stisykkeltur - så får du gleda av å sjå Marius med lengsel i blikket etterpå. 

Vi snakkes!